Av Jan Per Løken

Eg les i Fjordabladet at det har spreidd seg eit rykte om at skipstunnelen er eit unødvendig prosjekt og lurer på om rykteskaparane verkeleg er oppegåande.

Etablering av skipstunnelen handlar om å gjere oppsparde pengemidlar om til eit varig samfunnsnyttig føretak.

Det vil gje ei tryggare og betre samferdsle, kortare reisetid, eit meir lønsamt næringsliv, sparing av energiressursar og er dermed eit miljøvernføretak.

Dette gjeld ikkje berre for ei periode, men for KVAR EINASTE DAG I EVIG TID.

Så finst det altså negative krefter som heller vil at pengane skal stå der og bli oppetne av inflasjon. Dette vil rett nok ikkje skje over evig tid, men lenge nok til at tapet blir formidabelt.