Av: Hans Christian Hansen, ordførarkandidat for Stad SV

Stad kommune detaljreguleringsplan for nytt reinseanlegg for avløpsvatn. Det er i planarbeidet føreslått å bygge slikt anlegg i fjæra på sørsida av riksveg 15.

Grunneigarar som bur nær dette området er skeptiske til slik lokalisering og har engasjert seg og synt sin motstand med demonstrasjon på staden. Dei fryktar luktplager og likar ikkje omregulering av areal som i dag er friareal.

Det har i lokalavisa kome innspel, mellom anna frå Nils-Helge Løkling med framlegg til alternativ plassering av reinseanlegg i Svora i eit nedlagt steinuttak. Løkling har framlegg om å la noverande reinseanlegg overgå til å verte pumpehus for avløpsvatn og føre vatne i leidning i fjorden ut til Svora. Han har og framlegg om å utvide nye reinseanlegget til å ta avløpsvatnet frå Haugen bustadområde og også føre dette i leidning i fjorden.

Multikombo

Eg finn at Løkling sine alternativ er framifrå, men har lyst å lage ein «multikombo» gjerne ved å føre leidninga frå Haugen til Svora i fjordleidning, medan leidningen frå Mel til Svora fører ein i ein leidningsgrøft på nordsida av riksveg 15 heilt til Svora. I ei slik grøft kan ein nytte same bonusopplegget som Eid kommune fekk i stand ved opparbeiding av trase for vassleidning frå Nor til Nordfjordeid. Her fekk ein i samarbeid med Statens vegvesen i stand kabelgrøft med annan infrastruktur for vatn, avløp, fiberoptikk mm.

Oppå denne kabelgrøfta kan ein legge gang og sykkelveg. Dette strekket mellom Skårhaug til Nedrelid/Svora har i over 20 år vore ein flaskehals for tilrettelegging for trygg sykkeltrafikk. Viss ein får etablert gang og sykkelveg på dette strekket vil ein ha trygg gang og sykkelveg heilt frå Nor til Bjørhovde.

Ved å legge reinseanlegget i nedstengt steinuttak i Svora vil ein skjerme noverande friområde på Mel og utnytte eit industriareal som har ligge brakk i over 20 år. Då får ein nytte eit areal som alt er opparbeidd og ikkje utnytta. Areal i Steinuttaket i Svora er på over 1000 m².

Vil gjerne legge til at omgjering av friareal er ikkje noko eg eller SV set pris på. Vi ser alt for mange døme på omgjering av friareal til industri, næring, veg, osb. Det er diverre få døme på at det går hin vegen. Vi vil stå opp for friareal og natur.