Skrive av Aud Frislid

Bryggja omsorgssenter skal leggast ned.

Så er det dei svakaste som skal takast igjen. Kan ikkje med min beste vilje sjå noko positivt i dette. Senteret vart bygd i trange tider av Davik kommune, og der har dei eldre fått god pleie, og ikkje minst, ikkje langt frå heimen, der slekt og vener kan stikke innom på veg til handel  og andre tjeneste.

Eldre er ikkje ei vare som kan skaltast og valtast med.

Og kva med dei som har sin daglege jobb der. Skal dei måtte køyre til Eid eller Selje kvar dag?

Det vert mykje sjukdom av slikt.

Ikkje dra pengekortet til meg, det holder ikkje. Landet har sendt millioner – milliarder til tvilsomme regimer. Har det nokon stad blitt forandring til det betre?

Og kva skal huset på Bryggja brukast til når dere har kasta ut beboarane?

Eg vil vite kva planer dere har.

Ta dere saman og tenk nytt!

Venter på svar.