Iver Flyum-Bjørlo, 19 år, ungdomskandidat for Stad Venstre:

Det er her eg har vekse opp, her eg har fått venar for livet, og her eg har fått bli den eg er i dag i trygge omgjevnadar. Eg har elska å vekse opp i distrikta, men eg veit at bygdene er trua. Ungdom flytter ut, og kjem ikkje tilbake.

Om vi ikkje kan halde på unge folk her kjem vi til å merke det. Færre vil stifte familie og få born her. Då vil skulane vil bli tomme og trua med nedlegging. Vi vil ikkje ha nok folk til å ta vare på våre eldre. Dei kan bli tvungen til å måtte vere heilt aleine i livets siste dagar, enten på ubemanna rom eller flytta langt frå heimen sin. Og om vi ikkje har engasjerte unge stemmer i lokalsamfunnet vil Stad bli ein mindre attraktiv plass for andre å flytte til og.

Desse problema pregar store deler av distrikt-Noreg, men her i Stad er full av håp. Nesten alle på min alder eg snakka med elskar heimbygda si, og har ein dag lyst til å bu her. Sjølv dei som reiser ut for å studere eller reise ønsker å komme tilbake for å stifte familien sin på Eid eller i Selje. Eg kan ikkje undervurdere kor heldige vi er som har ungdom som vil bli i bygda si, og eg trur det er på grunn av korleis vi har styrt kommunen dei siste tolv åra. Vi har satsa på tilbod til dei unge, tatt i mot folk som vil skape noko her, og vist alle kor levande bygdesamfunnet er. Vi har tenkt framover.

Skal vi halde på ungdommen må vi fortsette slik, og vi må gjere meir. Nasjonalt må vi flytte statlege arbeidsplassar ut i distrikta. Vi må slutte å straffe dei som vil ansette ungdom med høgare utdanning, på grunn av den høge arbeidsgivaravgifta på dei med løn på over 750 000 kr. Og her lokalt må vi seie til alle som vil flytte eller fortsette å bu i Stad at det er ein plass til deg. Vil du skape noko skal vi hjelpe deg, vil du bruke din unike kompetanse her skal vi finne arbeid til deg, og vil du stifte familie her skal vi ha ein god skule til dine born. Og vi må la dei unge vere med å bestemme i lokalpolitikken.

Vi må slutte å tenke at alt var betre før, og at vi må gjere alt akkurat sånn det alltid har vert gjort. Den fella har mange andre kommuner brent seg på, og snart står dei tomme. Når valdagen kjem oppfordrar eg alle til å stemme på dei stemmene i lokalsamfunnet som vil ta Stad kommune framover og som vil møte framtida. Og eg oppfordrar dokke til å stemme på unge kandidatar. Uansett kva parti du stemmer på er ingenting viktigare enn å sette eit kryss eller gje ein slengar til dei som er framtida til Stad. Godt val.