Av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Sp og Ap i regjering fører ein aktiv og målretta politikk for vekst og utvikling i heile Noreg. Vår ambisjon er auka folketal i distriktskommunar. Kontrasten til Høgre er stor. Gjennom åtte år i regjering, førte Erna Solberg ein målretta sentraliseringspolitikk, og fortset på same måten i opposisjon. Seinast i revidert budsjett foreslo Høgre kutt i viktige distriktstiltak.

I Fjordabladet måndag 26. juni omtalar høgrepolitikarane Raymond Robertson og Linda Hofstad Helleland regjeringas distriktspolitikk som «pynten på kaka» og at vi bløffar. Det kan vere morosamt med slagord og språklege bilete, men da bør dei helst ha ei kjerne av sanning i seg.

Høgrepolitikarane forsøker å sette opp ei motsetning mellom næringsliv og offentlege støtteordningar. Makan til skrivebordsteori skal ein leite lenge etter. Eg trur få av dei verksemdene som har bygd seg opp med støtte frå offentlege verkemiddel synes dette er ei motsetning. Regjeringa legg tvert om til rette for næringslivet over heile landet. Det er no rekordlåg arbeidslause og store investeringar. Vi støtter opp om næringslivet i distrikta med målretta støtteordningar. Vi sørger for gode rammevilkår, tiltak som hjelper næringslivet med å redusere risiko og vi bruker statleg innkjøpsmakt. Vi jobbar for at verdiane som blir skapt av næringslivet skapar ringverknadar i lokalsamfunnet og inntekter til finansiering av fellesgode.

Helleland og Robertson påstår at det lukta «asfalt i heile landet» medan dei styrte. Dei burde nok teste luktesansen litt lenger ut frå dei store byane og riksvegane. På fylkesvegane er det store etterslep i vedlikehald. Regjeringa jobbar no systematisk saman med Vegvesenet og fylkeskommunane om ein forpliktande plan for å redusere dette etterslepet. Vi vil utarbeide ein nasjonal gjennom­føringsplan for ras- og skredsikring. Dette skal sikre folk i heile landet god og trygg transport. Vi vil bruke ressursane til å ta betre vare på infrastrukturen og trans­port­tilbodet vi har, framfor nye, store utbyggings­prosjekt som mest av alt har kome sentrale strok til gode.

Denne regjeringa har sørga for gratis ferjer til små øysamfunn, lågare ferjeprisar og halvert makspris på billettar på dei regionale FOT-flyrutene frå 2024. Regjeringa har vedteke ei auka satsing for å styrkje flyrutetilbodet i distrikta. Vi styrker satsinga på høghastigheitsbreiband og prioriterer fylker med mange distriktskommunar. Mot dette står Høgre sine milliardkutt i viktige distriktstiltak som midlar til næringsutvikling, utbygging av breiband, ordninga med gratis ferjer, bygdevekstavtalar, tiltak for å sikre norsk matproduksjon, samt fylka sin økonomi. Denne reverseringspolitikken frå Høgre vil verken skape føreseielege eller gode vilkår for folk og næringslivet i distrikta. Høgre sin veldige iver for sentralisering påverka folk på to vis: forventningane til at sentraliseringa ville verte sterkare vaks, men det bidrog og til eit stort valnederlag for regjeringa til Erna Solberg. Veljarane ønsker eit desentralisert Norge.

Medan Høgrepolitikarane ser ut til å vere mest opptatt av store motorvegprosjekt og skattelette for dei som har mest frå før, utviklar Senterpartiet og Arbeiderpartiet i regjering ein politikk som er retta inn mot alle dei områda som er viktige for at folk skal kunne bu, arbeide og leve gode liv i heile landet. Det handlar om desentralisert og fleksibel utdanning, om samarbeid mellom kommunar, om målretta innkjøps­ordningar for å skape større lokale ringverknadar og om at kommunane skal få tilpasse bruken av areal etter sine eigne behov. Det handlar om gode helsetenester og tryggleik i kvardagen. Distriktsmeldinga viser breidda av oppgåver og fagfelt for distrikta, som legg eit solid grunnlag for at folk skal kunne leve eit godt liv i heile Noreg.

Mens tidlegare regjeringar har nytta ei vag formulering om å «oppretthalde hovud­trekka i busetnadsmønsteret», seier denne regjeringa i klartekst at målet er folke­talsvekst i distriktskommunar. Vi vil unngå at store område i distrikta opplever folke­talsnedgang. Med ei brei, langsiktig og målretta distriktspolitikk har vi gode føresetnadar for å lykkast med dette. Det er ingen bløff.