Av Nordfjordeid Sanitetsforening, ved leiar Liv Stokkenes Jacobsen:

Nordfjordeid Sanitetsforening byrja lage og selje fastelavnsris i 1965. I alle desse åra har sanitetskvinnene med god støtte, og mannleg hjelp, både med saging og frakt med traktor, fått bjørkeriset i hus, til binding av fargerike fastelavnsris. Då dette skjer på vinteren, har det ofte vore både snø og kulde. Å lage fastelavnsris for sal, er ein lang prosess.

Vi i foreininga vår, gjer dette fordi vi har denne lange tradisjonen, men og fordi vi får ei god inntekt på salet, slik at pengar kan gjevast til gode formål. Folk i bygda, er imøtekomande og kjøper ris til fastelavn. For mange har det blitt ein tradisjon å ha det fargerike riset i stova, eit symbol på vår.

Pengar frå salet, har alltid gått til eit lokalt tiltak. Oftast til ban og unge. Det har vore gjeve pengar både til organiserte ungdomstiltak og til uorganiserte.

Det å bidra til å hjelpe til å rekruttere barn og unge inn i gode aktivitetar, er ei særs viktig oppgåve vi frivillige har. Meiner vi.

Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S.) er store på kvinnehelseforsking.

Alle lokalforeiningar er med å bidreg med pengar til N.K.S. sitt kvinnehelseforskingsfond. Ein god del av fastelavnsris som blir selde rundt omkring i landet vårt, går til dette fondet. Nordfjordeid Sanitetsforening bidreg også med dette, sjølvsagt.

I år, 2024, tildelte foreininga 30.000 kr til Harpefossen Skipatrulje.

Dei gjer ein enorm frivillig innsats. Dei har til saman eit breidt spekter av kompetanse og erfaring og bruker både vaksne og ungdom, jenter og gutar, til sine frivillige oppgåver. Ein plan dei har, er å starte juniorgruppe. Dette stør vi. Tysdag 5.mars var skipatrulja til stades på medlemsmøtet vårt og mottok pengegåva.

Nordfjordeid Sanitetsforening ønskjer dei all lukke til!

Foreininga gjev også 20.000 kr til kvinnehelseforskingsfondet N.K.S. I år er pengane bestemt skal gå til auka merksemd til lidingar og sjukdomar knytt til svangerskap og fødsel. Eit godt svangerskaps-, fødsel- og barselomsorg tilbod, er ein viktig del av kvinner si helse. Ei forsvarleg omsorg som sikrar det beste tilbodet for den fødande, partner og barnet. Dette er eit område vi har full støtte til, frå alle, kvinner, menn, besteforeldre og pårørande.