Skrive av Dag Austring

Før siste Stortingsval beskulda eg Alfred Bjørlo for å vere EU-tilhengar.

Då skal eg seie dykk at eg fekk svar på tiltale frå Bjørlo.

Han skreiv følgjande i Fjordabladet: Tidlegare SP-politikar Dag Austring kan dette med voldsomme personangrep. Denne gongen er det underteikna som får gjennomgå i innlegget i Fjordenes Tidende frå Austring på tilsvarande urimleg grunnlag, der heile tiraden er bygd på ein feilaktig påstand om at eg vil på Stortinget for å melde Noreg inn i EU. For å slå det fast med ein gong. Det er ikkje sant. Ein norsk EU-søknad i komande stortingsperiode er ikkje aktuell politikk, verken frå Venstre si side eller frå noko anna parti eg veit om.

Dette var reine ord og for pengane og klår tale frå Alfred Bjørlo før sist Stortingsval.

I dag er tonen ein heilt annan frå Bjørlo, I dag får ein eit inntrykk av at den einaste redninga for landet vårt er å melde oss inn i EU.

Det er ikkje til å tru at ein ifrå Sogn og Fjordane er ihuga EU-tilhengar.

Eg har no sett og høyrt Bjørlo i fleire radio- og TV-program. Det er ikkje til å tru at ein ifrå Sogn og Fjordane er ihuga EU-tilhengar. Hadde Bjørlo sagt det same før siste storingsval som han seier no, trur eg ikkje det hadde vore mange røyster han hadde fått.

Eg trur eg hadde heilt rett når eg skulda Bjørlo for å vere EU-tilhengar også før siste stortingsval. Då er det eg vil beskulde Bjørlo for å halde veljarane for narr. Vi har eit godt norsk ord for å snakke usant, men det skal eg ikkje nytte for då vert eg berre skulda for å vere stygg med Bjørlo.

Eg trur folk likevel klarer å tenke sjølve, og då trur eg at eg har veldig mange med meg når eg påstår at slik opptreden som Bjørlo har gjort no er med å skape endå større mistillit hos folk til politikarane.

Det hjelpte heller ikkje Bjørlo å stille på siste plass på Venstre-lista til sist kommuneval. Det gjekk med Bjørlo på same måten som det gjorde med resten av Venstre-kandidatane. Venstre mista 8 representantar i forhold til forrige val.  Eg trur kanskje Bjørlo hadde så store tankar om seg sjølv at han trudde veljarane ville syte for at han kom inn i kommunestyret. Han gav sågår uttrykk om at han til og med kunne tenke seg å verte ordførar igjen. Det gjorde han ikkje. Veljarane har talt Alfred Bjørlo.