Av: Hans Christian Hansen, ordførarkandidat Stad SV

Det har noko å seia kven som styrer kommunen vår. Sjølv om vi kanskje ikkje tenkjer så mykje på det i det daglege, så påverkar det som skjer i kommunen oss kvar einaste dag. Når alt blir dyrare, har det noko å seia om dei som styrer meiner at ein skal klara seg sjølv, eller byggja sterke fellesskap.

Vatnet i springen, skulen barna våre går på, helsetilbodet til eldre, og kulturlivet og fritidstilbodet, er berre nokre av områda kommunen har ansvar for. Mange har også kommunen som arbeidsgivar. Derfor har det noko å seia kven som styrer kommunen.

Det har noko å seia for barnefamiliane at skulen har nok lærarar. Det betyr noko at alle barn kan ha høve til å delta på SFO og kultur- og fritidsaktivitetar, og at ikkje nokon i vennegjengen må vera heime medan dei andre er på fotballtrening.

SV vil prioritera barna våre, og leggja til rette for ein skule der kvar elev blir sett og høyrt. På Stortinget har SV sikra gratis halvdagsplass i SFO for første- og andreklassingar og auka barnetrygda for alle med barn over seks år. Vi vil skapa ein kommune der alle kan vera med på leiken, uavhengig av lommeboka til foreldra.

Det har noko å seia om dei som styrer vil kommersialisera helsetilbodet – det fører til at dei tilsette får dårlegare lønns- og pensjonsvilkår og ein tøffare jobbkvardag. Det er viktig om eldre og pleietrengande må ta omsyn til stadig nye ansikt, fordi dei som styrer synest det er heilt greitt med små stillingsbrøkar, mellombelse tilsetjingar og hyppig bruk av vikarbyrå.

SV vil ha trygge og fasta stillingar og skapa ein heiltidskultur. Vi prioriterer at pengane som skal gå til velferdstenester faktisk går til velferdstenester, og ikkje i lomma på private eigarar eller store utanlandske selskap.

Det har noko å seia om dei som styrer vil prioritera velferd for alle, framfor private løysingar for dei som har råd til å betala for det. Om dei som styrer tenkjar at kvar og ein skal klara seg åleine, heller enn å skapa ein kommune med fellesskap, der ein får hjelp om ein fell utanfor.

SV vil prioritera ei betre velferd i kommunen. Vi vil skapa eit sikringsnett som er der når ein har behov for det, og som vil sørgja for å redusera sosial forskjell ved å sikra rimelege og gode velferdstenester.

Det har noko å seia for klimaet og miljøet kven som styrer kommunen vår. Om dei som styrer ukritisk vil byggja ned natur, skogsområde og matjord. Om hytteutbyggingar eller vindturbinar stadig får forrang framfor natur og artsmangfald. Natur- og klimakrisa er global, men vi må handla lokalt.

SV vil gjera kollektivtransport og sykkel til eit reelt alternativ der folk bur. Vi vil sikra naturen for framtidige generasjonar, og vareta matjord og grøntareal. Vi vil ha trygge kvardagsvegar framfor dyre motorvegar, og vi vil framme levande sentrum i byar og tettstader over heile landet.

Det har noko å seia om dei som styrer berre vil halda fram som ein alltid har gjort, og la miljøet tapa kvar einaste gong. Om ein ikkje prioriterer å få ned utslepp og sikra grøne arbeidsplassar.

SV vil ha eit rettferdig grønt skifte som kuttar utslepp og legg til rette for nye grøne arbeidsplassar. Vi vil stilla strenge miljøkrav i offentlege anbod og innkjøp, og sikra at kommunen har ein realistisk plan for klimakutt. Og vi vil ha ein rettferdig klimapolitikk som fordeler byrdene og goda, så ikkje dei med minst blir sitjande med rekninga.

Til hausten kan du påverka kven som skal styra Stad kommune. Eg håpar du vil bli med på å setja omsynet til menneske og miljø først. Du bør stemma på SV om du vil redusera forskjellane etter mange år med aukande forskjellar. Du bør stemma på SV om du er oppteken av eit sterkt fellesskap, heller enn berre dei få på toppen.

Eg veit at det er folk som kvir seg til sommaren, Det kan det vere mange årsaker til, som økonomi, sjukdom eller familierelasjonar som endrar seg. Det er nettopp desse som treng fellesskap, omtanke og eit venleg smil, og det kan vi andre hjelpe til med. Gi ei hjelpande hand om du ser nokon som ikkje har det bra. Og med dei orda vil eg få ynskje alle ein retteleg god sommar, og eg håpar du lyttar til hjartet når du stemmer til hausten.