Av Einar Helgaas, på vegne av dombesteinarar:

Attende i 1994 ville Bremanger kommune godkjenna plassering av eit nytt oppdrettsanlegg på Dombestein. Dette skulle interessant nok plasserast så sentralt som mogleg i bygda, i Murtevika, som i vind og ver er den tryggaste staden på fjorden. Vi kjempa imot, og har sia vore takksame for at vi vart lytta til. Anlegget som vi ikkje var imot, vart då heller plassert hakket nærare Davik, i Juvika. Men også dette var eit inngrep i fjordlandskapet vårt, og heilt klårt eit offer for oss. Ein kunne ikkje lenger fiska der, korkje frå Tobbeberget, eller frå båt. Og i dårleg vèr kan vi ikkje køyra småbåt nært land, men må ut i grovare sjø. Dette i tillegg til estetisk og lydmessig forureining, samt spreiing av fiskefeitt frå notrens inn i moloar.

Men det verste av alt framstår som eit grovt og uventa innhogg i vår kostelege tilgang til fjorden: Nemleg det austlege festet til Mowi. Det strekkjer seg ca. 900 meter på utsida av fiskeforbodssona (Tot: 1 km), og øydelegg ca 4/5 av dei områda som alltid har vore gagnlege til ulike typar sjøliv og fiske. Dette vart vi aldri kontakta om, og er like klare for kamp mot dette, som mot utviding av anlegget mot aust. Eg stod sjølv spørjande og såg båten som monterte, utan nokon kunnskap om kva som gjekk føre seg. Vi har til dømes i alle år drive med stongfiske frå moloen vår. Den tida er slutt, for slukane vil no enda i fortøyningsfestet til Mowi. Kven ønskjer eit slikt fridomsran så nært som 10 meter utanfor naust og molo? Frimod er bra. For mykje frimod er ikkje bra.

I samband med Bremanger kommune sin nye plan kring sjøareal ved Dombestein, er det no høgst uvisst om det vert råd å nytta fjorden som før. Den lunaste vika vår, der èin før kunne ro ut med handsnøre eller setja garn etter kokfisk, har kommuna no sett av til oppdrettsføremål. Èin skulle tru at naust, lunner og vorr var lette å få auga på for dei som balar med kommunale planar. For grunneigarane har naust og sjøtomt liten verdi dersom oppdrettarane kan få gjera som dei i våre nærområde.

Å ta seg til rette i fjordbassenget rett utom naustdøra, er med andre ord ikkje greit. Nausta står der ikkje til pynt. Grunneigarane er skuffa over at vi må driva å overtyda om at vi framleis er her, og seia ifrå om at fjorden er vår, og at vi framleis fiskar, badar og i det heile brukar den aktivt. Kommuna må gjera ei klårt grundigare vurdering her, og setja av dette sjøarealet til friluftsliv og fiske. For når dei no er positive til å utvida anlegget mot aust, og dimed nærare bygda, er det grunngjeve i følgjande, smått utrulege formulering i arealplanen: «Ikkje del av regionalt viktig eller kommunalt kartlagt friluftsområde. Ikkje registrert lokal bruk.»

Bremanger kommune er liten, likevel har ein tydeligvis ikkje kunnskap nok om kva nærområda våre vert nytta til. Formuleringa: «Ikkje registrert lokal bruk» framstår som ein dårleg vits. For oss er nemleg alt fjordlandskap nært bygda for svært sentralt «friluftsområde» å rekna! At vi får lov til å «passera anlegget med småbåt», er ei fattig trøyst for alle oss som elskar fri tilgang til fjorden. Er det ikkje denne typen fridom som gjer at folk vil bu på bygda, og som gjer den attraktiv for signifikant tilflytting? Di meir ein okkuperar av nærområda, di mindre attraktivt vil det vera å satsa på bygda. Då har ein sjølvsagt skote seg sjølv i foten.

Vi ser det slikt sett ikkje som eit krav, men som heilt rimeleg og naturleg at vi ikkje skal verta ytterlegare fanga inne av næringsinteressene sine inngrep. Tilgang til fri natur har i fleire tusen år vore sjølvsagt her i landet. Kvifor vil kommuna endra på dette? Finst det i det heile ei bygd nokon stad som ønskjer seg oppdrettsanlegg og fortøyningar i aust og vest rett frami strandsona?

Men medan kommunar gjev etter for næringsinteresser både på land og fjord, misser vi perle etter perle av urørt natur. Er ikkje dette noko av det mest kostelege vi har? Kommuna skal vera eit vern for sine innbyggjarar, heller enn å selja ut sentrale område til næring. Då reagerar vi med stor undring på følgjande formulering i areaplanen: «Lokaliteten er vurdert som god, og ønska utviding er ikkje vurdert til å gje vesentleg negativ verknad for sjøarealet eller tilgrensande landområde.» Vi ber ikkje om orsaking for å minna kommuna om at dei no held på å gå over ei grense for kva som er «innanfor», eller «greit», for oss. Ja, for dersom dette går igjennom, vil det jo nettopp gje oss «vesentleg, negativ verknad»!

I denne prosessen kan vi få ein mistanke om at Bremanger kommune trur det minkar med folk her på sørsida av fjorden, så ein kan nytta ressursane meir effektivt, og gje næringsinteresser tilgang til endå meir av naturen. Men det er med fagnad eg kan meddela at røynda er det omvende! Med tilflytting på Dombestein er det no fleire ungar her enn på lengje, og de kan få lov å gissa om dei har lyst til å utforska den spennande fjorden vi har her!? Men kvar skal dei læra seg å fiska trygt, om ikkje nært bygda? Skal dei måtte dra langt mot Davik eller Isane for å få testa den nye fiskestanga si? Ja, for kven vil fiska når du når som helst kan setja deg fast i eit nettverk av fortøyingar?

Nei, kvar einaste bygd treng all, mogleg attraktiv natur å tilby dei unge, og det inkluderar i høgste grad fridomen på fjorden! Men får kommuna det som dei vil, har vi diverre klårt mindre på menyen. Lat oss seia det som det er: For ein del av oss, er fjorden sjølvaste prikken over ì en!

Så kan det vera lett å gløyma at bygdefolk ofte har eit nytteperspektiv på fjorden sin. Mange av dei fræsar ikkje rundt med vass-scootarar og vass-ski, men fiskar heller, som folk har gjort i tusenvis av år. Kvifor vil kommuna gje endå fleire, vesentlege fiskeplassar ifrå oss til verdas største lakseeksportør, Mowi? Dei har over ein milliard i overskudd i år og klarar seg altså heilt fint. Så kva med å primært sjå nærområda gjennom bygda sine briller, før ein sekundært tenkjer på næring? Anleggjet i Juvika er eit av dei største på Vestlandet, og vi seier at nok er nok. Dette er ei klassisk arealkonflikt over ein fjord som sjølvsagt ikkje har uavgrensa med plass.

Vi har også støtte i miljøperspektivet, her frå Naturvernforbundet. Dei seier oppdrett i tronge vestlandsfjordar et eit av dei største økologiske eksperimenta som nokon gong er starta i Noreg. Vi kjenner i liten grad til konsekvensane på lang sikt, men det er truleg med tap av sårbar, verdfull natur. Ein har ikkje nytta «føre var»-prinsippet. Dette er eksperimentering med dei unike fjordlandskapa vi har, og for den vakne vestlendingen kviler det naturleg nok eit stort alvor over saka. Då meiner vi det er meir aktuelt å skrenka inn, enn å utvida verksemda.

Nokre lurar sikkert på kvifor dette lesarinnlegget kjem medan saka framleis er i prosess, no i siste fase. Svaret er enkelt. Når sterke næringsinteresser og kommuna ser saka likt, framstår ei lita bygd svak. Men det er vi som må leva med konsekvensane, og då vel vi å løfta stemmene mot Mowi sin ekspansjon mot aust.

Og skulle nokon av fjordfolket ha mista grepet på nynorsken, kan eg orientera om at det som no held på å skje, heiter: «frihetsberøvelse», på bokmål.

Det skal likevel seiast at vi har full forståing for at kommuna ønskjer å auka både sysselsetting og skatteinntekter! Det kjem oss alle til gode. Men det må finnast grenser for korleis Mowi skal få ta seg til rette for å få dette til, sentralt føre augo våre. Når det går vesentleg ut over bygdefolket, er det rett og slett på tide å setja bremsene på! Vi set vår lit til at kommuna vil koma oss i møte. Ein ting er sikkert: Frå vår side er ikkje siste ordet i denne saka sagt.