Av Martin Malkenes, dagleg leiar, Blindeforbundet- synshemmedes organisasjon, Sogn og Fjordane:

Skal ein på ein ekstra sjekk vil eg tru at ein kvar ser seg tent med å bruke ein time på dette og ikkje ein dag. I alle fall ser vi på det som ein fordel.

Helse er kompliserte greier. For oss i Blindeforbundet vil dei fleste kanskje tenkje at vi kun er interessert i det som har med augehelse å gjer. Det er vi sjølvsagt og, men som alle andre består vi av andre bestanddelar enn berre auge. Ser ein dårleg kan ein og ha behov for ortopedi i Lærdal. Er ein blind kan ein ha behov for lysbehandling ved hudpoliklinikken i Florø.

Ein større andel eldre i befolkninga vil kanskje krevje nye løysingar for korleis helsevesenet legg opp tenestene. Er det føremålstenleg at fleire må reise meir for å få hjelpa ein treng? Eller kan ein tenkje nytt om samhandling mellom kommunale helsetenester og helseføretaka?

Kutta kjem brått på, men demografiutviklinga gjer det ikkje. Vi i Norges Blindeforbund håpar styret i Helse-Førde ikkje berre ser på den økonomiske verkelegheita i sine vurderingar. Verkelegheita pasienten lever i er og geografisk, økonomisk, psykososial og så vidare. Anten ein er åtte eller åtti.

Reiseveg er økonomi. Legg ein ned eit tilbod på Nordfjordeid og må sende pasienten til Førde kan kanskje Helse-Førde spare pengar. Men stoppar det der? Kven betalar for dei ekstra timane det tek når konsultasjonen ikkje lenger tek ein time i nærområdet, men ein heil dag på reis til og frå Førde? Ein dag fråvær frå jobb må arbeidsgjevar betale. Ein dags fråvær frå skulen må eleven ta igjen.

Alt dette er ikkje berre opp til styret i Helse Førde. Politikarane som vedtek statsbudsjettet bør og forme helsepolitikken og belønne gode løysingar og ikkje overføre utgiftene for eit godt helsetilbod frå helseføretak til privatpersonar, næringsliv og andre delar av samfunnet.

Det der stor samfunnsnytte i nærleik til gode helsetenester!