Av Geir Magne Hoddevik, leiar i Hoddevik velforening:

I nettutgåva av Fjordabladet søndag 1. oktober gjev avisa mikrofonstativet til turistvert Anne Kari Lerfald i Hoddevik.

Mot god journalistisk praksis (faktasjekk og kjeldekritikk) gjev dei henne stativet heilt ukritisk.

Vestland fylke har bestemt å bygge gatelys i Hoddevik, og skal satse på eit pilotprosjekt, med bruk av lysceller («solceller»).

Dette vedtaket har lokalavisene skrive fleire artiklar om. Så det skulle vere mogleg å vere orientert, for den som vil.

Eg tek for gitt at fagfolk i fylket har vurdert den tekniske løysinga, og funne den brukbar. Likevel må gjerne pilotprosjekt modifiserast etter kva erfaring ein får.

Anne Kari vil ikkje ha gatelys, fordi det etter hennar syn øydelegg det unike miljøet i bygda.

Ho sel blant anna opplevingar knytt til det unike kulturlandskapet i bygda til «økoturistane» sine.

Dette er eit produkt som forfedrane våre har bygt opp gjennom mange generasjonar. Likevel meiner ho at vi etterkomarane ikkje skal ha rett til innflytelse.

Hoddevik velforening vedtok for ca 10 år sidan å gå inn for prosjektet, og har sidan arbeidd for å få det til.

«Surfemamma» Lerfald har meld seg ut av laget, og det har ho sjølvsagt rett til. Men då kan ho ikkje rekne med å få tilgang til informasjonen laget får.

På 70-80-talet vart det bygt gatelys i bygda, på privat initiativ. No er det berre eit par lyspunkt att.

Velforeninga meiner at den auka trafikken langs den smale fylkesvegen gjer det naudsynt med gatelys, for å sikre trygg ferdsel til fots.

I den mørke delen av året er det vanskeleg å få auge på surfarar i mørke våtdrakter som går eller står på brett i vegen.

Lerfald vert sitert på at det kun er 4 av dei fastbuande i Hoddevik som er medlemmer av Velforeninga

Det rette er at bygda har 11 fastbuande i dag, og 8 av desse er medlemmer i Velforeninga. Alle 8 er for gatelys.

Gatelys er naudsynt, har massiv støtte blant fastbuande og andre med interesser i bygda.

Hoddevik velforening ser fram til at prosjektet vert realisert.