Av styret for Nordfjordeid Sanitetsforening:

Fastelavn var opprinneleg ei markering av kvelden før askeonsdag som innleia den 40 dagar lange fastetida i forkant av påske. Ordet fastelavn tyder «kvelden før faste». Etter kvart blei fastelavn eit namn på ei periode på tre festdagar som innleia fasten, fastelavnssøndag, blåmandag og feitetysdag. Fastelavn fell mellom 1. februar og 7. mars.

I dag er dei vanlege tradisjonane for fastelavn fastelavnsbollar, feitetysdagsmat og mange pyntar stova si eller trappeoppgangen ute, med fastelavnsris.

 Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S.)har sidan 1946 solgt fastelavnsris til inntekt for gode formål i nærområdet sitt og til kvinnehelse. Bjørkeriset har lange historiske tradisjonar som truleg går tilbake til ein hedensk fruktbarheitskultur. Riset er også eit gammalt symbol i overgangen frå vinter til vår.

Sanitetsforeiningane rundt i landet får inn 8-10 millionar kroner på salet, som blir gjeve  til gode tiltak i eige nærmiljø og til meir og betre forsking på kvinnesjukdommar. I år ønskjer sanitetskvinnene å gi merksemd på lidingar og sjukdommar knytt til svangerskap og fødsel. Ein stor andel av kvinner i Norge får helse og livskvalitet forringa av sjukdom og lidingar før, under eller etter svangerskapet.  Betre behandling av kvinnesjukdomar vil truleg bety mindre ufrivillig barnløyse. Mange har varige mén etter fødsel. Sanitetskvinnene har ein lang tradisjon for å jobbe for å betre mor-barn helse.

Fastelavnssøndag er 11. februar i år.

Nordfjordeid Sanitetsforening er i desse dagar i full sving med å lage fastelavnsris. Foreininga  stør opp om det viktige arbeid som blir gjort innan N.K.S. sitt Kvinnehelseforskingsfond.  Og foreininga har lang tradisjon for å stø gode tiltak i bygda vår. Alltid stor spenning kring kven som får fastelavnsrisgåva.

Sal av ris på Nordfjordeid frå 3. februar og i heile veke 6. Håper du vil stø arbeidet vårt!