Av ordførar Sigurd Reksnes:

Kjære alle saman,

På denne spesielle dagen, 8. mai, samlast vi her ved sørgjande mor for å feire frigjeringsdagen, ein dag som markerer slutten på ein av dei mørkaste periodane i vår historie. Den 8. mai 1945 vart Norge igjen eit fritt land etter fem lange år med okkupasjon. Dette var eit vendepunkt som ikkje berre symboliserte fridom frå undertrykking, men som også førte med seg ein ny start for folket og vår nasjon.

I dag står vi her, frie, og med moglegheiter til å forme vår eiga framtid. Dette gjer vi takka vere dei menn og kvinner som kjempa for vår fridom under krigen. Nokre stod på frontlinjene, nokre var krigsseglarar, medan andre kjempa i det stille gjennom motstandsrørsla. Desse individa, med sin vilje og sitt mot, har gjort det mogleg for oss å leve i eit fritt og demokratisk samfunn i dag.

Frigjeringa handlar ikkje berre om slutten på okkupasjonen. Det var starten på oppbygginga av eit nytt samfunn, eit samfunn tufta på solidaritet, toleranse og respekt for menneskeverdet. Det var også starten på eit samarbeid over landegrensene, ei erkjenning av at freden må byggjast saman, og at vi må stå saman for å verne om desse verdiane.

Men sjølv om vi no feirar freden, veit vi at det finst stader i verda der fridom og tryggleik framleis er fråverande. Krig, konflikt og vald held fram med å truge menneske sitt liv og levebrød.

Derfor er det så viktig at vi står samla mot alle former for urettferd og undertrykking, og støttar dei som treng hjelp til å sikre sine grunnleggande rettar og fridom.

No er det på nytt krig i Europa. Russland sin brutale og folkerettsstridige angrepskrig mot Ukraina har ført til store lidingar i Ukraina og store flyktningstraumar.

Kommunane i Nordfjord har teke i mot mange flyktningar. Folk har stilt hus til disposisjon og vi prøvar så godt vi kan og ta oss av dei som kjem på ein god måte.

Krigen i Ukraina ser ut til å bli langvarig. Vi må stå saman med Ukraina, og saman med våre allierte gje Ukraina den hjelpa dei treng for å stå i mot aggresjonen til Putin. Det er å vise solidaritet i praksis, og er ei investering i vår eigen tryggleik.

Russland sin brutalitet i Ukraina gjer at vi må styrke vår eiga forsvarsevne og totalberedskapen. Vi må kunne stå på eigne bein og forsvare oss dersom vi får eit åtak på landet vårt. Forsvaret må bli sterkt, og godt utbygd framover.

God totalberedskap er å også prioritere den sivile beredskapen ved å styrke politiet, helsevesenet, energitryggleiken, og at vi har god sjølvforsyning med mat i tilfelle ei internasjonal krise. God sivilberedskap inneber også å ha sterke frivillige organisasjonar slik som mellom anna Røde Kors og sanitetskvinnene som er representert her i dag.

På denne dagen ynskjer eg å rette ein særskilt takk til veteranane våre. Etter freden i 1945 er det 100 000 nordmenn som har tenestegjort i utlandet, og eg ser fleire av dei her i dag. Mange har risikert livet i denne tenesta for landet etter 2. verdskrigen. Dykkar innsats og offer er noko vi aldri må gløyme. De har sett eit døme for oss alle om korleis mot og vilje til å stå opp for det som er rett, kan endre verda.

Eg vil òg rette ein stor takk til alle som jobbar i det daglege for å halde fredsideala i hevd. Dykkar innsats i kvardagen, enten det er i heimane, i skular, på arbeidsplassar eller gjennom organisasjonar og styresmakter, er veldig viktig.

Vi står samla her i dag, takksame for det vi har, men også med ei sterk vilje til å sikre at framtidige generasjonar skal få oppleve det same. Det er vårt ansvar å halde fram kampen for fridom, likskap og fred. Og la oss gjere det med inspirasjon frå dei som gjekk føre, og med tru på at vi saman kan skape ei verd der desse verdiane rår.

Lat oss derfor i dag heidre dei som kjempa for fridomen vår, og forplikte oss til å vere sterke forsvararar av demokrati, rettferd og solidaritet.

Tusen takk for at de kom.