Av Anders Lien

Tilsvar til leiinga i Stad Vekst AS

Den 14.12.23 hadde leiinga i Stad Vekst eit marknadsføringsframstøyt i lokalavisene framfør komande kommunestyremøte. Innholdet var dels sjølvskryt og dels ei kraftig uthenging av underteikna.  Begge velkjende kommunikasjonsmetodar. Kva strategi som gjev best resultat overfor kommunepolitikarane er uvist,

Det vert hevda at underteikna fer med løgn. Kva løgn snakkar de om?  Beløpet eg viste til har eg frå ein e-post av 06.06.23 frå økonomisjef Ole Starheim med fylgjande ordlyd:

« 1-2. Vedlagt er tabell som syner kva tilskot/utbetalingar Stad Vekst  AS har fått frå eller via kommunen sidan selskapet blei starta.  Eg legg også ved sist oppdatert samarbeidsavtale, som er grunnlag for dei årlege tilskota. Vedlagt avtale er også svar til dykkar spørsmål 2

3. Driftstilskota har ikkje vore grunnlag for anbod til fleire firma.»

Tabellen har eit format som er vanskeleg å lime inn i dette dokumentet.  Difor sender eg med heile e-posten med vedlegg til lokalavisene. Den syner totale kommunale utbetalingar på kr. 2.651,160,-, ikkje langt frå dei nærmare kr. 3 mill. av fellesskapet sine midlar som eg skreiv i min artikkel.

Riktig nok var dei fyrste utbetalingane gjort i 2018, og det burde nok vore presisert betre. Men det endrar ikkje realitetane i saka. Pengane har gått inn i same sluket.  Dessutan dei fleste fekk nok med seg at det ikkje var størrelsen på beløpet som var mitt poeng. Men prinsippet om å nytte skattebetalarane sine pengar til subsidiering av private bedrifter eg er ueinig i.

Med so mange lokale bedrifter som aksjonærar, er det spesielt at Stad Vekst ber om kommunalt driftstilskott. Særleg når det same næringslivet ser ut til å sleppe skatt på næringseigedomar.

Å mota skuldingar gjennom  lokalavisene om at eg fer med løgn, ikkje berre ein, men fleire gonger og driv med svertekampanje er spesielt. Men slett ikkje overraskande når det kjem frå Stad Vekst i saker som gjeld alternativt syn på ulike saker. Dette vitnar ikkje om særleg toleranse til andre meiningar enn eigne. Korleis det er mogleg å finne so mykje negativt i eit lite avsnitt avisinnlegget er vanskeleg å forstå. Det hadde nok hjelp å lese betre og referere til kva som faktisk står der.

Avslutningsvis vil eg ynskje det privateigde aksjeselskapet Stad Vekst AS lukke til i konkurransen med andre liknande konsulentselskap.  Men då utan subsidiar frå skattebetalarane sine pengar.

Med den dårlege kommuneøkonomien som vert hevda er,  bør kommunale midlar nyttast fullt ut til lovpålagde oppgåver innan helse/sosial og oppvekst/opplæring, eksempelvis til kreftkoordinator eller Bryggja Omsorgssenter.