Av Sigurd Reksnes, ordførar i Stad kommune - tale etter festkonserten i Operahuset Nordfjord laurdag:

Kjære Michael, gratulerer så mykje med dagen og  tusen takk for ei eineståande flott framsyning her i kveld.

Endå ein gong har vi blitt bergtekne, begeistra og rørte over ei framsyning med deg som dirigent og musikalsk leiar.

Det er rart å tenke på at det har vore for siste gong. Det er nesten ikkje til å tru, eller å tru på. Men no har du altså bestemt deg.

Eg hugsar godt då du Michael og Kari kom til kommunen som tilsette i musikkskulen i Eid for 35 år sidan.

Då du Michael og Kari kom hit var det i ei tid der det kanskje var litt tvil i lokalsamfunnet, vi var litt usikre på framtida. Satsinga på prosjektet Opera Nordfjord fekk både eidarar og nordfjordingar til å rette ryggane sine, og sjå framover.

Dette vart starten på ei ny tid i Eidasamfunnet. Vi vart kulturbygda, operabygda, og rockebygda. Fjorden og lokalsamfunnet der det umoglege var mogleg, og der mangfald og talent får blomstre.

Forteljinga om pågangsmotet, entusiasmen og kjærleiken til opera og kultur har blitt fortalt mange gonger, til heile landet, og gjort at ingen lenger treng å forklare kor ein kjem frå om ein seier Nordfjordeid.

Men arbeidet ditt Michael strekk seg langt utover Opera Nordfjord.

Det vil vi takke deg ekstra for.

Gjennom å leie skulemusikalar, vere lærar både i kulturskulen i Eid, her på Eid vidaregåande og på Firda vidaregåande, har vi sett kor spesielle band det blir mellom deg og ungdomane.

Du har gitt så mange så mykje. Unge menneske har fått inspirasjon frå deg til å leve ut talenta sine, blomstre, få trua på seg sjølve, få minner for livet. Følgje draumane sine.

For meg og mange andre har kanskje dette vore dei aller sterkaste og finaste stundene. Og sjeldan har vi vel heller sett deg så stolt og begeistra.

På årets skulemusikal her på Eid vidaregåande var du tilhøyrar, eg har fått høyre at det var veldig viktig for ungdomane på scena at du var i salen på premieren. For ungdomane i vårt lokalsamfunn er du ei stor stjerne,  det er mange som er glade i deg, og som har mykje å takke deg for.

Du har bidratt til at mange av våre ungdomar har tatt steget og gjort draumane sine om til røyndom.

Og nettopp det å følgje ein draum er det vi kan lære av deg.

Forteljinga om liva dykkar har blitt viktige for mange. Det fortel at sjølv om ein startar med to tome hender, flyttar til ein liten stad, så kan ein ta i bruk evnene sine, talenta sine, og bygge si eiga scene, sitt eige handlingsrom, og få realisert seg sjølv.

Så tusen takk Michael, frå alle oss som bur her. For begeistringa, inspirasjonen, og for musikken.  Så Michael, Thank you for the music, we love you!