Av Jon Olav Leira, rektor, Sunnfjord folkehøgskule, Førde

Silvia van Hesik Førde, rektor, Fjordane folkehøgskule, Nordfjordeid

Ole Karsten Birkeland, rektor, Sogndal folkehøgskule

Hildegunn Gjesdal Tennebø, rektor, Nordfjord folkehøgskule, Sandane:

Dei som er unge i dag kan forvente å stå i arbeid til dei er omlag 75 år.

Samstundes arbeider regjeringa no for at denne generasjonen unge også skal raskast mogleg inn i studier.

Men regjeringa ser ut til å ha gløymt at eit allereie eksisterande problem ikkje vert løyst med dette. I dag droppar omlag 1 av 4 ut av studier. På masternivå er det under halvåarten som fullfører på normert tid. Dette er dyrt for Norge.

Ved å foreslå å kutte tilleggspoeng for folkehøgskular frå 2027 risikerer ein at dette talet vert endå høgare. Eit folkehøgskuleår kan vere det ein ungdom treng for å ta bevisste og riktige valg i høve utdanningsval vidare. Dansk forskning har vist at det er høgare gjennomføringsgrad blandt studentar som har hatt eit folkehøgskuleår, enn dei som ikkje er det.

I det framlagte forslaget er det lagt opp til at berre førstegangstenesta skal gje tilleggspoeng. Det rimelege vil vere om også folkehøgskulane får behalde eit tilsvarande poeng.

Vårt bidrag til å danne samfunnsborgarar med forståing både for felleskapstanke og for demokrati i praksis vil i ei tid som vår verte stadig viktigare. Med tanke på eit forventa langt arbeidsliv for nye generasjonar vil det også vere rimeleg å gje rom for eit år med fokus på eigne interesser, meistring og livsglede.

Lat oss behalde tilleggspoenget, og lat oss få fortsette med våre viktige bidrag i ei usikker tid både i Norge og verda rundt oss.