Av Stig Ryland, ven og tidlegare kollega:

Lukta av nytrukke kaffi fyller rommet saman med stemma frå radioen. For mange var det godt selskap ved frukostbordet kvar gong Olga Wergeland var på lufta med siste nytt frå fylket.

Olga var tilsett i NRK Sogn og Fjordane i 20 år. No har den tydelege og varme radiostemma stilna. Olga døydde 4. februar i år, berre 58 år gamal.

Ho blei fødd på Nordfjordeid, 2. mars 1965, og sprudla i møte med livet. Det merka dei tidleg, foreldra Eli og Norvald, og dei seks søskena Bjørg, Kristine, Ellinor, Olav, Jon og Inge. Olga omfamna alt som livet hadde å by på – frå første dag og heilt til den siste.

I barne- og ungdomsåra blei dagane fylte med korpsøvingar og treningar med handballen, og den vakre naturen heime freista ofte med lange turar i skog og mark med ei god niste i sekken.

Etter ein tur innom idrettslinje, medielinje og lokalradio fann Olga ut at ho ville bli journalist. Det var eit godt val. Turen gjekk til Volda der studiekameratane hennar raskt oppdaga at Olga hadde eit unikt talent. Det var ikkje berre stemma hennar som var som skapt for radio, men vi merka også at språket hennar og tefta for gode historier var av sjeldan høg kvalitet.

Det kom difor ikkje som ei stor overrasking då Olga gjekk rett frå eksamen i Volda til jobb i NRK i Førde i 1991. Der knytta ho sterke band til både kollegaer, vener og lyttarar over heile fylket, band som framleis er sterke. Der vaks etter kvart også familien hennar seg større med tre barn saman med mannen Frode.

Etter 20 år i Førde gjekk turen vidare til Bergen. Neste stoppestad blei Norges Musikkorps Forbund der Olga løfta kommunikasjonsarbeidet deira mange hakk. Ho fekk eit særleg ansvar for å utvikla og drifta organisasjonen si nettside, og dei gode - og viktige - historiene blei jakta på. Ho brann særleg for at fleire barn og unge skulle få oppleva gleda ved å spela eller drilla i eit korps, slik ho sjølv hadde opplevd.

Olga var på ein bra stad i livet då det plutseleg gjorde ei brå vending i 2017. Dei hadde oppdaga kreft i kroppen hennar. Men sjølv om kreften kunne ha tømt ho for all livsglede der og då, krumma Olga nakken og møtte kvar dag med ei imponerande kraft. Livet skulle levast vidare som før.

Ho held fram med å reisa på turar, invitera til selskap, baka kaker og brød, laga syltetøy og ringja familie og vener som budde eit stykke unna heimen på Sotra. Barnebarna blei det store høgdepunktet i kvardagen, og dei fire små «jentene til mommo» kraup ofte opp på fanget hennar for å bli lest og sunge til. Helgeturane til hytta i Myrkdalen blei stadig viktigare. Den vakre naturen lokka, og det blei ofte turar med ski på beina om vinteren og fjellsko når snøen hadde smelta.

Hausten 2021 blei det oppdaga at kreften hadde teke meir plass i kroppen hennar. Olga mista aldri håpet og trua på at det likevel kunne gå bra, men til slutt gjekk det fort nedover. Tidleg om morgonen den første søndagen i februar sovna ho stille inn. Saknet etter stemma frå radioen ved frukostbordet er stort, men størst er saknet blant familie, vener og dei du jobba saman med i Førde og i Bergen.

Ei stemme har stilna, men stemma lever likevel vidare i oss. Takk for alt det gode du sa og gjorde, Olga! Vi lyser fred over alle dei flotte minna du gav oss.