Av: Einar O. Midtbø

Torsdag den 4. mai deltok eg på kommunestyremøte i Stad kommune som representant for Høgre. Møtet starta klokka 09.00 med 4,5 timer med orienteringar før sjølve kommunestyret starta. Vel, vel frå min ståstad er eg glad for at eg ikkje tar attval i politikken når administrasjonen vel å bruke store delar av eit kommunestyremøte til orienteringar.

I pausen nytta eg høvet til å snakke litt med politikara som skal stå på videre i lokalpolitisk arbeid. Høgre som eg har representert har på ingen måte vore krystallklare på spørsmålet om å behalde Bryggja Omsorgssenter (BOS).

Etter samtale med ordførarkandidat i Stad Frp, Anfinn Sjåstad, er dei 100 prosent  krystallklare på at BOS skal vidareførast. Eg forstår at også Sp har same utgangspunkt i dette spørsmålet. Med Sigurd Reksnes som vår neste ordførar trur eg Bryggja Omsorgssenter er sikra. Venstre har og vore positive i dette spørsmålet, jamfør ordførarkandidat Frogner som ytra seg på folkemøtet på Bryggja Grendehus for ikkje lenge sidan.

Å legge ned velfungerande omsorgsplassar i kommunen å bygge opp på Nordfjordeid er ikkje god lokalpolitikk. På Bryggja omsorgssenter er trivselen stor, både for bebuarar og tilsette. I tillegg  ligg omsorgssenteret geografisk godt til i kommunen. Bygningsmassen har og vore godt vedlikehalden og vil kunne tene kommunen i mange år framover. Med overgang til meir heimebaserte tenester er responstida frå Nordfjordeid til Bryggja alt for lang.

No er det viktig at vi som bur på Bryggja er beviste på å støtte dei politiske parti som er tydelege på at Bryggja Omsorgssenter skal behaldast.

Det er mange andre område Stad kommune kan spare pengar på enn å legge ned velfungerande tenestetilbod i lokalsamfunna. Kanskje bør kommunen prioritere dei 3 hovudsektorane for kommunen: Tekniske tenester, Skule og oppvekst samt Helse og omsorg. Mange andre område som kommunen liker å bruke sine ressursar på bør ein vurdere å avhende til private føretak.

I det komande lokalvalet vil eg røyste på eit parti som vil kjempe for Bryggja Omsorgssenter.