Av Synnøve Aabrekk, dagleg leiar i Stad Vekst:

Svar til Randi Humborstad –

«Vi bør jobbe sammen om å styrke tilbudet ved skolene våre» - Fjordabladet 26.4.24

Måløy Vekst har meint mykje i denne saka, også no om korleis vi i Stad Vekst bør uttale oss.

Vi registrerar at Måløy Vekst meiner alvor med invitasjon til samarbeid i Nordfjord, og det er vi glade for, og håpar at det samarbeidet betyr at Måløy Vekst er einige med oss i Stad Vekst om at vekstselskapa bør setje oss saman og diskutere framlegg til tilbudsstruktur ved vid. skular i Nordfjord under eitt; både studiespesialisering og yrkesfag. Dette har vi i Stad Vekst bedt om sidan høyringsframlegget kom.

Vi er også glade for at Måløy Vekst no unner oss å kjempe for å behalde våre to parallellar på studiespesialisering. Dette tilbodet har Eid Vgs. hatt heile tida, og er såleis ikkje noko nytt.

Stad Vekst har ikkje endra syn sidan høyringsframlegget kom. På invitasjon frå Måløy Vekst om å signere skriv for kun studiespesialisering svarte vi at vi gjerne ville møtes og diskutere heile tilbodsstrukturen. Det fekk vi ikkje til då.

Med sterk vilje til samarbeid frå Måløy Vekst håpar vi at vi no kan få til eit møte der vi vekstselskapa set oss saman og prøver å finne ei god løysing til beste for elevane i Nordfjord, både når det gjeld studiespesialisering og yrkesfag så nært som mogleg der elevane bur.

Kristian Skibenes sa det godt i avisa, «no må vi puste med magen». Oppfører vi oss redelig overfor kvarandre, set oss ned og diskuterer på skikkeleg vis, då trur vi i Stad Vekst at vi kan kome styrka ut av dette i Nordfjord.