Av Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde:

Helse Førde har ansvaret for å levere spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane, eit område som geografisk dekker størstedelen av Vestland fylke. Takka vere at det gjennom ei årrekke er oppretthalde ein desentralisert struktur for dei vidaregåande skulane i området, har elevar ved desse skulane i Sogn og Fjordane i stor grad kunna bu heime, eller i alle fall rimeleg nær heimstaden, under dette utdanningsløpet.

Som helseføretak er vi spesielt uroa over at skular som tilbyr utdanning innan helse- og oppvekstfag, til dømes dei vidaregåande skulane i Høyanger og Fjaler, er utsette med fare for kutt eller nedleggingar av utdanningstilbodet. Alle prognosar tilseier at Norge i framtida vil oppleve mangel på helsearbeidarar, og vi veit at lokal tilknyting er ein nøkkelfaktor når vi i framtida skal rekruttere stabile, varige medarbeidarar til våre tenester.

I denne samanhengen er det klart at ei sentralisering av desse studieretningane vil vanskeleggjere rekruttering av helsefagarbeidarar ute i kommunane i distriktet ytterlegare. Dette er i våre auge eit sterkt uønskt scenario. I dag har dei fleste vidaregåande skulane i området vårt tilbod om helse- og oppvekstfag, og det er mogeleg for elevane å legge eit grunnlag for utdanning innan helsefag i nærmiljøet sitt.

Vi vil også oppmode fylkeskommunen om å tenke nytt for å halde på desentraliserte skuletilbod, ved å ta dei ulike utdanningsstadane inn i nettverk og bruke digitale løysingar til å formidle undervisinga der det er råd. Slik unngår vi å tappe dei mindre lokalsamfunna for ungdom straks dei kjem over grunnskulealderen, og ein kan unngå lange reisedagar eller bortebuing for store ungdomsgrupper før dei har fylt 18 år.

Helse Førde og kommunane vil trenge dyktige medarbeidarar innan helsefaga . Å tilby ungdommen denne opplæringa i nærmiljøet er ei investering i framtida. Med ein stadig aukande del eldre i befolkninga, må samfunnet prioritere helse- og omsorgsfaga. Det startar med å gje unge menneske  utdanning av høg kvalitet og moglegheit til å bidra til fellesskapet.

Vi meiner at kutt og nedleggingar i det vidaregåande skuletilbodet vil få alvorlege konsekvensar for kommunane og framtidig rekruttering av helsefagarbeidarar i området vårt.