Av Stian Alexander Hoddevik, lokallagsleiar i Stad INP:

Kjære alle

Først og fremst vil eg på vegne av lokallag og partiet beklage på det sterkaste den usikkerheit som no har oppstått for veldig mange medlemmar i partiet i forbindelse med den pågåande striden sentralt i partiet.

INP er først og fremst grasrota, INP er veljarane våre, meg og deg og alle dei som har støtta oss og stemt på oss som parti. INP er vi vanlige folk som har tru på ein ny politisk kurs og håp for ei bedre og stabil framtid for våre komande generasjoner.

Eg vil starte med å seie at eg ikkje er i tvil på at vi framleis skal fronte den gode og fornuftige politikken som partiet var tufta på. INP vil framleis jobbe for dei viktige sakene både i nærmiljøet, på fylkesnivå sovel som sentralt, og vi skal jobbe iherdig i mot stortingsvalget neste år. Målet om å komme inn på Stortinger er framleis reelt og vi har vist at vi det som skal til for å nå dit. Uroen som no har råka partiet internt er sjølvsagt uheldig, men eg trur at vi kan komme styrka ut av det som ein samla organisasjon.

Det blei avholdt nytt landstyremøte med eit samla landstyre 28.01, her stilte alle fylkesleiarar inkludert gjensittande sentralstyremedlemmer.

Landsstyremøtet var samstemt og enig om veien videre. Det skal derfor ikkje vere noko som helst tvil i at det er splittelse i verken landsstyre eller fylkesstyrer. Det vil kome ei uttalelse fra Landsstyret i løpet av kort tid.

Vi er no komt dit hen at vår tidligare partileiar Owe Ingemann Walterzhøe har trekt seg som partileiar, og i tillegg meldt seg ut av INP, eit parti som han sjølv har vore med på å stifta. Det er no også offentlig kjent at Walterzhøe startar opp med eit nytt parti, det han kallar for Det NORSKE INDUSTRIPARTI (DNI) I ei sak som dette so vil det alltid være ulike tolkningar, og ei sak har alltid to sider. Eg tenkjer derfor det er viktig at ein får belyst fakta so mykje som mulig og at denne informasjonen også kjem ut til alle våre medlemmar.

Eg har avventa å sende ut epost til ein fikk ein uttalelse frå fylkesleiar, då ein kan uttale seg på grunnlag av faktiske forhold og seinare sleppe  å endre forklaring grunna uklarheter. Denne skal være sendt til kvar enkelt medlem, men eg legg ved kopi av uttalsle frå Vestland INP og Fylkesleiar Torvald Haavardstun.

Rett etter at nyheita kom om at Walterzhøe trekte seg som partileiar, so blei Facebooksida til partiet omdøpt til INDUSTRIPARTIET. Waltherzøe som eig sida og har rettighetene kasta då ut alle administratoter slik at han og kona satt igjen med full kontroll.

Walterzhøe sitt også med kontroll og eigarskap av INP sine heimesider og medlemssystem samt alle epost adresser og all epost korrespondanse. Det jobbast no for fullt med at INP skal få sikra og overta eierskapet i dette. Dette er ein prossess som kan ta noko tid då Walterzhøe ikkje er villig å gje i fra seg dette. Dette bekreftar igjen at han no har som motiv å øydelegge for den organisasjonen han sjølv "brenn for" og har vore med på å bygt opp.

Eg ber dokke alle lese uttalelse frå Torvald, og so må kvart enkelt medlem gjere seg opp si eiga personlige meining og ta sine egne standpunkt. Personlig er eg ikkje redd for at vi skal miste medlemmar i hopetal pga av dette, då eg meinar at det som har vorte gjort i denne saka var høgst nødvendig. Eit samla landsstyre er enige om at ein må få innført vedtekter som sikrar demokratiske prossesser rundt valg og organisering i INP.

Eg vil igjen på det sterkaste beklage det som har skjedd på vegne av INP som organisasjon og eg håpar at folk forstår at det som no skjedd medfører at det tek litt tid å få omorganisert parti organisasjonen. Eg vil takke alle dei som er med i denne prossessen, og den fantastiske jobben som frivillig er blitt nedlagt og vil bli gjort også i framtida for at vi skal bestå som eit godt alternativ i den norske politikken. Vi treng INP i vårt politiske landskap, det er formelig bevist og vi skal vise oss tilliten verd. Eg støttar både Vestland Fylkesstyre og INP sentralt 100 % i denne saka og har sterk tru på at jobben framover blir enklare med ein styrka og open organisasjon som frontar ein sunn og demokratisk prossess.

Igjen, takk for tolmodighet i påvente av informasjon og tusen hjertelig takk for den tillit de som veljarar og medlemmar har vist oss! Vi skal gjere jobben og fronte dei saker vi har gått til val på!

Har de spørsmål so ikkje nøl med å ta kontakt direkte med meg eller styret eller med fylkesleiar Torvald :)

Kopi av denne eposten er også sendt til redaksjonen i Fjordabladet då Stad INP ønskar ein open dialog rundt saka.