Av Marilyn Osmundsvåg og Lena Flølo (avtroppande og påtroppande leiar Selje idrettslag):

Så ser vi at Fjordabladet undrar seg på kva dei i Selje seier til det. Og Selje er glade for at Stadlandet klarer å få til ein hall i denne delen av kommunen vår!

 Det har vore jobba med dette i ei årrekke, og at Stadlandet no ser ut til å få det til på Leikanger, ser vi på som svært positivt.

Dei har eit aktivt idrettslag som har utvikla seg trass i at dei også har streva med skikkelege lokalitetar. Med ein hall på plass, kjem til å bli eit stort løft, ikkje berre for idrettslaget, men for heile bygda. Arbeidsgruppa der har gjort ein framifrå jobb, og vi ønskjer dei lukke til i det vidare arbeidet!

Selje idrettslag vil sjølvsagt halde fram med sine planar der målet er å få på plass ein fleirbrukshall i Selje, og det at dei har lukkast på Stadlandet, er i ein inspirasjon som syner at det er mogleg å få  til ei utvikling av idretten, også i den ytre delen av kommunen vår.

Det som er heilt klart, er at idrettslaga gjer ein uvurderleg jobb både opp mot born og unge, og befolkninga generelt.

Kva det har å seie for folkehelsa og for samfunnet, går ikkje an å prissetje. Den verdien kan vi berre ana konturane av.