Av Knut Olav Røssland Nestås, regionleiar for Trygg Trafikk i Vestland:

Etter eit par trasige år med aukande tal omkomne i trafikken i Noreg, treng me å styrka innsatsen for å førebyggja fleire trafikkulykker. Då er det å ha kommunar og lokalsamfunn med på laget heilt avgjerande.

Trass i at det dei siste tiåra har blitt gjort store investeringar i gradvis utbetring av vegar og ein nyare bilpark med stadig meir teknologi og førarstøttesystem, viser det seg at dette åleine ikkje er nok. Det er ein viktig lærdom og viser at vala kvar og ein av oss tek i trafikken framleis har avgjerande vekt.

Ulykkesanalysearbeid over tid understrekar at trafikkulykker skjer av mange forskjellige grunnar. Til dømes er for høg fart etter tilhøva eller godt over fartsgrensa medverkande årsak til kvar tredje dødsulykke i perioden 2013-2022. Faktorar som manglande merksemd, ruspåverka køyring og til dømes ingen eller feil bruk av tryggingsutstyr som bilbelte eller sykkelhjelm, bidreg til unødige personskadar og at menneske omkjem i trafikken.

Dei samansette årsakene til kvifor trafikkulykker skjer og får så alvorleg utfall, føreset ei kraftfull og brei satsing vidare om me skal klara å snu trenden. Då treng me at trafikksikring som tema blir prioritert og me treng alle med på laget.

Ein god start for kommunar og lokalsamfunn er å sjå på status for den kommunale trafikksikringsplanen, og sikra at denne er oppdatert. Kva kan gjerast for utbetring av vegar og trafikkfarlege punkt framover? Kva kan gjerast for å sikra lågterskelaktivitet blant frivillige, barn og unge? Korleis jobbar viktige oppvekstinstitusjonar som helsestasjonar, barnehagar og skular med til dømes trafikk, sikring av barn i bil og trafikkopplæring i tråd med rammeplan og kompetansemål?

Det er ingen som har så gode føresetnader som ein kommune for å tilpassa verkemidla sine til felles innsats. Som bonus kan kommunane søkja om støtte til tiltak gjennom ulike tilskotsordningar frå Vestland fylkeskommune og Statens vegvesen. Det er òg råd å få hjelp i arbeidet frå dei same aktørane og oss i Trygg Trafikk.

Endå ein plan? Er ikkje det viktigaste å få noko gjort, kan ein kanskje spørja om? Jo, absolutt. Men etterslepet på vegnettet er enormt og alle vegeigarar får kontinuerleg tallause innspel om punkt som må utbetrast. Utan ein systematisk gjennomgang og prioritering av tiltak, blir det fort dei som ropar høgast som får gjennomslag. Difor vil eg òg tilrå at dei som er opptekne av gjennomslag følgjer med framover. Det gjeld både dei som ser trong for tiltak i nærområdet sitt og lokalpolitikarar som er opptekne av trafikktryggleik.

Tusenkronersspørsmålet er om kommunen har ambisjonar om anten å utarbeida ein ny plan for trafikktryggleik i komande periode eller oppdatera ein plan som allereie finst. Det blir som regel avgjort i arbeidet med den kommunale planstrategien. Om trafikksikringsplanen har gått ut på dato eller gjer det i løpet av dei næraste åra, er det viktig at den blir med vidare.

I Noreg har me redusert talet drepne og hardt skadde i trafikken kraftig over tid. Men det er ei fattig trøyst for dei som har mista nokon eller opplevd ei alvorleg trafikkulykke. For å koma vidare i arbeidet treng me koordinert og samordna innsats. Her kan noko så enkelt som ein oppdatert trafikksikringsplan med brei medverknad frå innbyggjarane vera eit godt grep, som får flest mogleg med på laget.