Av Stian Alexander Hoddevik, 1. kandidat og leiar Stad INP:

Eg les Inge Degnepoll, 49.-kandidat i Vestland AP sitt innlegg i Fjordabladet og eg har lyst å komme på bana om tankar eg har både når det gjeld privatisering i det offentlege og generell næringspolitikk i dag.

La det vere sagt, eg er einig i at ein ikkje skal uttrykkje total mistillit til dei offentlege etatane, då dette endar med å skape meir uro og unødige konfliktar som kostar både tid og ressursar. Offentleg sektor er no pukka nøydd å sjå meir på korleis ein saman med kommersielle næringsaktørar jobbar, og korleis ein kan skape eit samfunn i godt samspel med vekst og berekraft. Der sit mykje bra folk og kompetanse på begge sider av bordet, og ein må bruke tid og krefter på samarbeid.

Slik eg ser det, so setter det offentlege seg sjølve ofte og meir og meir i situasjonar der vanlege folk rett og slett mistar trua på dei som skal forvalte det norske velferdssystemet. Ordet mistillit vert stadig oftare brukt og det er ikkje heilt utan grunn. Det må vere ein viss tillit mellom vanlege folk og dei som forvaltar staten.

Det er slik at skal næringslivet tene pengar, ja som må det ligge gode føresetnader for dette. Ein kan ikkje skatte og avgiftslegge næringslivet slik at dei til slutt endar med å rømje landet. Det er akkurat dette som skjer i Norge i dag. Sjå på grunnrenteskatten i laksenæringa og ikkje minst formuesskatten. Vi treng store endringar i dagens EØS regelverk og i avgifts og skattepolitikk skal vi få det norske næringslivet tilbake på beina.

Eg er heilt einig i påstanden om at den norske velferdsstaten ikkje er til for å lage millionoverskot til hemmelege eigarar i skatteparadis, men dette gjeld ikkje berre selskap som Stendi, og innan helse og omsorg. Sjå berre på kva vi no held på med når det gjeld utbygging av vindkraft på land og havvind.

Gå gjerne og sjekk eigarskap i vindselskapa. For den slags skyld, sjekk gjerne samtidig ut kven som er eigar i dei største norske selskapa på Oslo Børs. Då ser ein at andre vert små i forhold. Kven subsidierer desse? Jau, det er staten, altså eg og du i form av skattepengar. Skattepengar frå den norske skattebetalar som mykje heller burde vore brukt til helse og omsorg, skule, barnehage og utdanning som jo er grunnleggande behov i velferdssamfunnet vårt.

Som nemnt av Degnepoll, so har norske bedrifter alltid vore gode til å ta i bruk ny teknologi og å møte skiftande marknadsbehov, og eg meiner i tillegg at norske bedrifter og arbeidsfolk har vore fantastisk flinke til å omstille seg. Norsk næringsliv er på topp i kompetanse innan mange felt, og dette må vi verne om.

Men det går ei smertegrense for kor longt ein kan dra det før det stoppar opp. Med dagens nivå av EU direktiv og reglar ein må følgje for å i det heile teke få lov å drive næring, so vil eg seie at smertegrensa er nådd. Ser ein eksempelvis på ei lita hjørnesteinsbedrift med to eller tre tilsette og den mengda av byråkrati og reglar ein må oppfølge for å kunne tilsetje ein person, ja so er det nærmast ikkje lønt. Legg ein i tillegg på formuesskatt, eigedomsskatt på næring og andre avgifter i tillegg til lønnskostnader og dagens prisvekst, ja so ser ein fort at reknestykket ikkje går opp. På toppen av dette skal ein omstille seg til ein rådyr grøn og berekraftig produksjon.

For å ta eit eksempel som er av stor betydning so har norsk industri hatt eit enormt konkurransefortrinn med billig og fornybar vasskraft. Denne er no på god veg vekk og norske industribedrifter vert knegådde med enorme straumutgifter og på toppen av dette ein skatte og avgiftspolitikk som er direkte fiendtleg mot omtrent all næringsaktivitet.

Offeret til klimaalteret har store deler av skylda for at norsk næringsliv slit både økonomisk og i omstilling, i tillegg til ein enorm prisvekst og auka renter. Ser ein på antalet konkursar på landsbasis, ja so har dei auka med 27 % sammenligna med same periode i fjor (ref. til Statistisk sentralbyrå)

Tilbake til helse og omsorg; Det står per i dag nær 3000 eldre og ventar på sjukeheim og institusjonsplassar i landet vårt, og regjeringa lovar nye 1500 plassar og hevdar dermed at dei no har lagt til rette for 3500 plassar i denne perioden dei til no har vore i regjering. Det kan virke litt vel «tamt» om ein tenkjer på at antalet eldre som treng behov i nær framtid kjem til å auke drastisk.

Viktig er det og å ta med seg at ikkje alle eldre og pleietrengande kan bu trygt heime, og trass i lovde midlar, so har ikkje kommunane pengar å byggje for, og det tek i tillegg tid å etablere nye plassar.

Gode tilbod i kommunane kostar pengar, og for å få god rekruttering i distrikta so er vi totalt avhengige av desse gode ordningane og eit godt og fungerande næringsliv, Alt heng saman. Vi er allereie langt bakpå i mange kommunar når det gjeld tilbod i eldreomsorg og helse, det er den harde sanning.

Løysinga ligg med andre ord ikkje i å nekte eller å avgrense kommersielle aktørar å tilby helse og velferdstenester når vi ser at behovet er der. Ein må syte for å regulere dette slik at lønns og arbeidsvilkår ikkje er dårlegare verken offentleg eller privat, og at ein ikkje får monopol på å drive mellom anna private helse og velferdstenester.

Ein ting er sikkert og det er at vi treng sårt rekruttering innan helse og omsorg. Vi har ein stor jobb å gjere innan helsesektoren neste åra, og den jobben må vi komme i gong med no, vi er allereie for seint ute.