Av Anfinn Sjåstad, ordførarkandidat for Stad Frp:

Stad FrP er difor uroa over svært høg og aukande lånegjeld og manglande vilje til politiske prioriteringar i den første kommunestyreperioden i Stad kommune.

FrP sine lokalpolitikarar har stadig påpeika dette i kommunale politiske organ, der ein også har åtvara mot at lånerenta kan auke, noko som den no har gjort.

For kvart prosentpoeng renta aukar, får Stad kommune ca. 10 millionar kroner i auka årlege finanskostnader, noko som svarar til løn og andre utgifter til rundt rekna 12 lærarstillingar eller tilsvarande mange sjukepleiarar.

Stad FrP meiner at ein no kun må ta opp nye lån til prosjekt som gjev betre kommuneøkonomi over tid, samt som gjer at ein kan avhende gamal bygningsmasse. Stad FrP fremma i lag med KrF et framlegg i kommunestyremøte 15 juni om å redusere handlingsregelen, ordlyden i framlegget lyder som følgande: «Nye årlege låneopptak skal gjennomsnittleg over to år ikkje vere større enn 80% av det kommunen betalar i årlege avdrag på lån, gjeldande frå 2025. Låneopptak til sjølvkostområdet kan kome i tillegg». Det vil seie at vi går i frå «nye årlege låneopptak skal gjennomsnittleg

over 2 år ikkje vere større en 100% av det kommunen betalar i åreleg», til å maksimalt låne 80% av det kommunen betalar i åreleg avdrag gjennomsnittleg over 2 år, dersom vi held den nye handlingsregelen vil låne gjelda bli redusert over tid og Stad kommune vil få mindre finanskostnader, noko som igjen vil bety meir pengar til gode tenesta i Stad Kommune.

Stad FrP vil også i kommunestyreperioden fram mot 2027 fremje ein ansvarleg økonomisk politikk der ein freistar å redusere lånegjelda med ein streng kommunal handlingsregel som faktisk må følgjast.

For å kunne redusere den svært høge lånegjelda Stad kommune dessverre har før inngangen til den nye kommunestyreperioden, må politikarane ha mot til å seie nei til tiltak som ikkje er naudsynte.

Ein må heller satse på investeringar som er framtidsretta og som over tid gjev innsparingar i drift, energibruk og vedlikehaldskostnader.

Sal av eigedomar som kommunen ikkje treng eige er også ein aktuell måte å redusere gjeld og driftsutgifter på.

Kommunen må vidare kunne konkurranseutsette tenester til private aktørar, gjerne med lokal tilknyting. Erfaring viser at dette ofte gir betre tenester til ein lik eller lågare kostnad.

Dersom vi klarer og følge handlingsregelen over tid, samtidig som vi avhender eigedomsmasse som Stad kommune ikkje har bruk for, vil vi på sikt få en redusert lånegjeld.

Dette samen med en forventa rentenedgang ifrå 2025-26, vil i slutten av neste kommunestyreperioden bidra til å skape et økonomisk handlingsrom som vi kan nytte til investeringar, vedlikehald og styrke tenestene i Stad Kommune. Nøkkelordet for å få dette til er økonomisk disiplin, og då gjeld det og ikkje love noko som en ikkje kan halde.

Alternativet er dessverre å auke eigedomsskatten på bustad, innføre eigedomskatt på næring, auke i kommunale avgifter og i yste konsekvens innføre parkeringsavgift i Nordfjordeid sentrum for å balansere budsjettet, alle desse alternativa vil vi i Stad FrP kjempe i mot for å skåne private og bedrifter i Stad kommune.

Skattlegging av private bedrifter ved å innføre eigedomsskatt på næring i Stad kommune er ikkje god næringspolitikk, på toppen av at sittande regjering har økt formueskatt, utbytteskatt og innført lakseskatt med Venstre sin hjelp, har bedriftene som alle andre med gjeld, fått høgare renter på sine lån.

God næringspolitikk er bl. å til rettelege med gode arealplanar og rask behandlingstid i reguleringssaker, ikkje drepe initiativ frå privat næringsliv med høge skattar og avgifter.

VI i Stad FrP har hatt en stø kurs i den økonomiske politikken i denne perioden når det gjeld å holde igjen på investeringane og har stått på våre synspunkt, sjølv om det ikkje alltid har våre like populært.

Heilt sidan Stad kommune såg dagens lys har Stad FrP advart mot den høge lånegjelda, noko som også Statsforvaltar har advart mot årleg i heile perioden.

Vi vil jobbe for å redusere lånegjelda og føre en ansvarleg økonomisk politikk i neste kommunestyreperiode, utan at det går ut over skule, barnehage og eldreomsorg, en stemme på Stad FrP vere med til å bidra til dette.

Stad FrP har stor tru på Stad kommune og vil bidra videre til å utvikle kommunen vidare og håpar at vi snart kan lande prosjektet Stad Skipstunnel slik at bygginga av tunellen kjem i gang.

Vi håper også at ungdommane i kommunen vil vere med å stake ut kursen for Stad kommune vidare ved nytte stemmeretten sin 11 september.

Godt Val