Av Gunnar Silden , leiar i Selje Bygdeutviklingslag:

Statens Vegvesen hevder at lovverket ikkje tillater bruk av dumpere på norske vegar sjølv om Kystverket forpliktar seg til å gjenopprette og vedlikehalde vegen både under og etter byggjeperioden.

Statens vegvesen meiner at lovverket uansett ikkje gir rom for dumpers på vegen på grunn av hensyn til trafikksikkerheita.

Med eit slikt krav til Kystverket kan SVV sette heile næringsområdet på Lesto i fare, eit næringsområde som er yngst sterkt velkommen til ein næringsfattig del av Stad kommune.

Får ikkje Kystverket bruke Lesto som deponiområde for massa, kan det fort bli at massa blir deponert på djupaste plassen i Moldefjorden, ein plass som er ferdig regulert til dumping av masse.

Dette vil igjen bety at nabokommunane som ynskjer masse frå bygginga av Stad Skipstunnel kan bli skadelidande fordi kostnadane med frakt til deponi må gjearst med lekter og er sterkt fordyrande for prosjektet. Næringsområdet på Lesto vil vere sterkt besparande på fraktkostnadane og vere samfunnsnyttig for regionen.

Vi håper sterkt at SVV her kan bruke fagleg skjønn og i samarbeid med Kystverket finne sikre løysingar for transport av massene og at trafikksikkerheita blir varetatt.

Mange av oss har ferdast på vegar med  mykje meir trafikkmengde eller det som er på fylkesveg 618, medan store lastebilar med hengar fulle av stein har vore ein del av trafikkbilde.

Lysregulering må kunne brukast i den korte perioden som denne 1400 meter lange strekninga skal brukast som transportveg, stillstand i arbeidet medan skulebussane og andre offentlege transportmidler passerer kan også brukast.

No må Kystverket få all den hjelp dei treng for å kunne byggje Stad Skipstunnel innanfor dei rammene som dei har fått tildelt, og det innbefatter i aller høgste grad hjelp frå SVV, fylkeskommunen og Statsforvaltaren.

Vi i Selje Bygdeutviklingslaget håper at alle bidrar til at dette får ei løysing som gjer at tunnelen kan bli 150-200 millioner billigere og at Kystverket får arbeidsro til å ferdigstille utlysningsdokumenta.