For det fyrste: Vi ynskjer Kvernevik Holding lukke til med planane dei har for utvikling av Vestkapp som reiselivsdestinasjon.  Dette er på ingen måte eit ynskje om ein politisk omkamp i denne saka.

Vi ynskjer imidlertid å poengtere at vi synest at prosessen som førte til at Ultimo Eigedom trekte sitt bod, har vore kritikkverdig og uryddig.

Fakta: Selje Kommune la ut eigedomen for sal der einaste kriteriet var at kjøpar måtte starte utvikling av tomta til turistføremål innan to år. Alle bodgjevarar var villige til å oppfylle desse krava, og Ultimo eigedom hadde det høgste bodet.

Så, etter at bodrunden er over, går ordførar ut i media og uttaler at no var det to konkurrentar att om tomta. Altså ei «ny» konkurranse i tillegg til bodrunda. Så vert det dagen før handsaming, teke direkte kontakt med Ultimo frå deler av det politiske miljø og spelt inn eit forslag om deling av tomta. Dette skjer medan administrasjonen v/rådmann har utarbeidd eit framlegg til vedtak der høgste bod er det vinnande.

På grunn av alt dette «rotet» valde så Ultimo å trekkje sitt bod, noko som er forståeleg. Dei kunne neppe oppfatte dette som anna enn at dei ikkje var den føretrekte utviklarar av tomta frå deler av det politiske miljø, og då særleg ordførar.

For Selje FRP, Selje SP og Selje Høgre handlar dette om prinsipp og ryddige prosessar. Vi tek ikkje stilling til kven som har/ hadde dei beste planane, men dette var heller aldri ein del av føresetnadene når tomta vart lagt ut for sal. Vi vil difor på det sterkaste opphomde om at ordførar ikkje gjer som han sa frå talarstolen i kommunestyret; nemleg å gjere det same igjen i eit liknande tilfelle.

Igjen, dette er ikkje eit forsøk på omkamp. Vi stemde for at Kvernevik Holding skulle få kjøpe tomta, og vi ynskjer meir enn noko at dei lukkast med satsinga. Dette er KUN ein kritikk av prosessen som føregjekk i forkant..