Av Rita Tonning, 2. kandidat for Raudt ved fylkestingsvalet:

Realløna går ned for svært mange.  Prisveksten i fjor var på heile 5,8 %.  Nesten alle si reallønn blir dermed redusert sjølv om gjennomsnittleg lønsauke på 4,6 % var noko høgare i fjor enn føregåande år.  Mange sin lønsuake var atskilleg lågare.  Helse- og sosialarbeidarar fekk berre 3,6 % og lærarane var nok ein gong lønstaparar samanslikna yrke med tilsvarande utdanningsår.

Raudt peikar på at det er også forhold som gjer situasjonen endå verre.  Lønnsmottakarar flest brukar mesteparten av løna på nødvendige gode.  På fleire slike heilt nødvendige gode var prisveksten høgare; 6,5 % på mat og 19 % på straum.

Vi ønskjer oss derfor eit lønsoppgjer der det blir gitt høgast tillegg til dei som har minst frå før.  Utan slike forhandlingsresultat er det svikt frå den sentrale forhandlarane. Manglande utjamning ved lønsoppgjer burde vere streikegunnlag!

Enkelte storkapitalistar i Noreg flyktar no til Sveits for å berge seg unna skattlegging.  Dei framstiller seg som nærmast som naudlidande.  Ein skulle mest tru at flybilletten er i tyngste laget.

Faktum er noko heilt anna:  Den samla formua til dei 400 rikaste har auka frå 352 milliardar kroner i år 2000 til 1884 milliardar i 2022.  Det er ein auke nesten 300 %!  Kjøpekrafta til norske lønstakarar har i same perioden auka med 41 % i snitt.  Det var snitten; derfor har mange lønstakarar hatt ein dårlegare kjøpekraftutvikling.

Raudt vil som eit sosialistisk parti, både i fylkestinget og i kommunestyra, og ikkje minst gjennom fagforeiningane snu opp-ned på samfunnsforholda.  I første omgang vil vi kjempe for ei langt betre lønsutviklingar både for dei låglønna og andre som bli haldne nede.  I Stortinget kjempar for ein skattepolitikk der vi vil skattlegge dei rike hardare og gje skattelette til dei lågtløna.