Av Anne-Britt Andersen:

Ein kommentar til leiaren i Fjordabladet fredag 4.august om cruiseturisme.

I ein viktig debatt om tolegrensene for lokal cruiseturisme, bruker leiaren eit argumentet som ofte vert brukt og som «punkterer» debatten:  Sidan «vi sjølve»  reiser til Syden på ferie, så må Eid tole cruiseturismen og alt den fører med seg. Noka anna er dobbeltmoral og kanskje ein tanke misunning.

«Syden-argumentet» er knapt eit argument i ei tid prega av klima- og naturkrise med store konsekvensar for stadig fleire menneskjer og andre levande organismar. Det er den menneskeskapte klima- og naturkrisa som har med moral å gjere, både individuell og kollektiv moral.

Så lenge «vertslandet/Syden» ikkje har restriksjonar, vil ferieturane til Syden halde fram, også med turistar frå Noreg. Turistindustrien er ein mektig internasjonal aktør som jamt vil «ekspandere», og som trivst best med lite regulering. Her i landet har vi heldigvis andre tradisjonar med omsyn til å regulere ut frå breie samfunnsperspektiv.

Nordfjordeid er eit nytt reisemål for cruiseturisme og det er no vi må finne ut korleis vi vil at det skal vere. Vi må regulere turiststraumen og kva som skal vere tilbodet til turistane. Dei ulike aktørane i Nordfjord må snakke saman og samordne seg. Det kan ikkje vere slik at næringsinteressene åleine skal bestemme kva vi som bur her må tole.