Av Trude Brosvik, Jon Olav Økland, Arne Normann og Ragnhild Stav, dei fire første på fylkestingstingslista:

Derfor vil vi fremje valfridom. Menneske er ulike, og det vil vi som KrF-politikarar ha respekt for. Vi har tiltru til at familiar vil velje det som er best for dei i ei travel småbarnstid. -At foreldreretten til å velje mellom offentleg skule eller friskule skal stå ved lag, og innrettast på ein slik måte at han ikkje berre gjeld for dei med tjukk lommebok. -At du framleis skal kunne velje mellom ideelle og offentlege tilbod når du treng behandling eller oppfølging.

For at valfridomen skal fungere, så må det offentlege tilbodet framleis vere eit fagleg sterkt og godt alternativ, med det ideelle som eit godt supplement og korrektiv.

KrF vil styrke frivillig arbeid, og også der ha respekt for sjølvstyrte fellesskap.

At alle får bidra i samfunnet med arbeidskrafta si er ein eigenverdi. KrF vil sikre føreseielege vilkår for næringslivet, og sikre godt samarbeid om utdanning, utvikling og å ta landet i ein klima-riktig retning.

Solidaritet med dei som treng ekstra støtte og tilrettelegging, er viktig for KrF. Det gjeld både nasjonalt og internasjonalt. Vi møter det i kampen mot fråfall frå vidaregåande skule og utenforskap, ved å ha eit utjamnande og progressivt skattesystem, og hos dei papirlause som korkje har rett på hjelp eller kan reise tilbake til heimlandet, og ikkje minst hos dei som rømmer frå krig, naud og undertrykking.

Klima-øydelegginga kallar på handling for å stanse den livsfarlege utviklinga som skjer og som endåtil vi i Norge merkar på kroppen med villare og våtare ver. For KrF er det i tillegg ein klar samanheng mellom bistand og klimaproblema. Det er dei fattigaste landa som først vert råka av vårt overforbruk.

Til sist; KrF får kanskje ikkje fleirtal. Men viss du gjev stemma til KrF og vi kjem inn i kommunestyrer og fylkesting, så lovar vi å sørgje for at etiske dilemma i aktuelle saker skal kome inn i diskusjonane om korleis vi skal ha det saman.

Godt val!