Av Svein Fjørstad, Eid pensjonistlag:

1. oktober er den internasjonale eldredagen. Også eldre menneske har rett på god helse og livskvalitet.

FN sin internasjonale dag for eldre er eitt av tiltaka for å sette søkjelyset på desse rettane.

FN sine berekraftsmål er sett saman av 17 ulike mål som FN ønskjer å oppnå innan 2030. Mål nummer tre er å sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, same kva aldersgruppe ein høyrer til.

Den internasjonale dagen for eldre er viktig for FN sidan det stadig blir fleire eldre i verda.

Innan 2050 reknar ein med at ein av seks personar vil vere eldre enn 65 år, og då vil behovet for god helse blant dei eldre vere avgjerande for å nå målet.

FN har erklært tiåret 2021–2030 som «tiåret for sunn aldring», og hovudmålet for denne satsinga er:

• Å rette merksemda mot eldre menneske sine behov når det gjeld helse og korleis eldre tek vare på eiga helse og livskvalitet. • Å auke merksemda og takksemda i høve til helsefagarbeidarar som arbeider for god helse blant eldre, med særleg fokus på sjukepleiarar. • Å arbeide for å minske skilnadene mellom helsa til dei eldre som lever i

utviklingsland kontra dei som lever i rikare land, slik at alle eldre kan oppleve god helse og livskvalitet.

Denne dagen har vorte markert på ulikt vis lokalt, mellom anna med samarbeid mellom pensjonistlaga i Stad om større tilstellingar.

I år blir det inga slik stor felles tilstelling, men ei etter måten enkel markering på Cats på sjølve dagen, søndag 1. oktober.

Der vil Thorleif Jakobsen vise bilete frå turen til Vauldalen (PP-presentasjon) med kommentarar.

Elles vil ein representant frå Nordfjord golfklubb vere til stades og orientere om golfsporten, kva som krevst av utstyr, kursing, kostnad m.m.

Dei faste musikarane Dagfinn og Jon Inge vil som vanleg vere på plass, og det vert song, servering og «ordet fritt».

Dette er ei samling som er open for alle eldre!

Hjarteleg velkomne til denne markeringa av eldredagen!