Av Ragnhild Marie Myklebust, referent - turdeltakar:

Bussen var grå, komfortabel og fin – og sjåføren Ola førte 42 pensjonistar frå Stadlandet, Selje, Flatraket, Raudeberg, Davik og Stårheim trygt i veg.

På Grotli var det servert god suppe og brød i den trivelige matsalen. Styrar Ingrid frå Trøndelag fortalde om hotellet, ute skein sola på haustfargane, og turen vidare ned dalen og oppatt til Rondane var fyllt med song og musikk, godprat og godt humør – det skulle fylgje oss gjennom heile turen.

Framme på Høvringen Høgfjellshotell møtte vi Monica og Sindre, eit vertskap som tok imot oss som nær og kjær familie – noko som vi fekk oppleve gjennom heile opphaldet.

Fyrste dagen hadde vi tur lenger inn på fjellet til Smuksjøsæter ved Smuksjøen, ein vakker og fredfyllt plass under Smedhamrane.

Dei sprekaste rusla eit stykke innover vegen mot Peer-Gynt-hytta i godveret, men mange sine til-års-komne føter er lite samarbeidsvillige, så vi planla ikkje tur heilt inn dit. Det var likevel ein koselig tur, på Smuksjøseter fekk dei som ynskte det, kjøpe kaffi og vafler og kose seg inne før vi reiste «heim att» til lunch.

Resten av dagen var det kvile. Sola varma godt ute i hotellhagen der det var fint å være.

Mange tok turen oppover fjellet til «Altaret på Høvringen», ein fredfyllt plass omkransa av bjørketre der vi finn eit vakkert alter, klokketårn og benkar til å setje seg ned.

Alt var forma i stein, endåtil døypefonten. Dei brukar det til tidvise gudstenester, til bryllaup og andre kyrkjehandlingar.

Dei som tok turen, kjende på høgtida, det vart både song, andakt, Fadervår med velsigninga, og vi prøvde ringeklokka, klangfull og vakker.

Dei sprekaste fekk med seg tur på toppane rundt Høvringen, men dei store toppane i Rondane måtte vi nøye oss med synet av denne gongen.

Alle måltid var så vel tillaga og velsmakande, og det vart gjort alt for at vi skulle ha det godt både i matvegen og ellers. Utanom hovedmåltida fekk vi kvar dag gode kaker og ettermiddagskaffi.

Andre dagen hadde vi utflukt til Jørundgård, Kristin Lavrandsdatter sitt rike.

Vi fekk omvisning i dei gamle bygningane (oppførte til innspeling av filmen), ein gard slik dei hadde det i middelalderen.

Kyrkja – eit vakkert lite kapell- vart oppattbygd etter at filmen var ferdig (som kjent brende den i romanen om Kristin ).

Så var det Utetunet der dei hadde dyra, og Innetunet som var omkransa av bursloftet med Kristin og Erlend si brudeseng, der var stabbur, årestove m.m.

Smia var i gamle dagar plassert eit stykke unna tunet grunna faren for brann, men no stod også den på Innetunet. Guiden fortalde om forfatteren av triologien om Kristin , Sigrid Undset, og at tunet og Jørundgård vart oppbygd på Jørundstad der inspirasjonen og grunntanken til bøkene «Kransen», «Husfruen» og «Korset» vart til.

Også Høvringen var sentrale stader i bøkene om Kristin Lavrandsdatter.

Etter omvisninga ute vart vi bedne til bords i middelalderstova der dei serverte oss rømegraut og spekemat i dei facinerande omgjevnadane slik dei budde på Kristin si tid.

Vi hadde med husmusikantane våre, Michael (trekkspel) og Asbjørn (gitar), så vi mangla ikkje musikk til allsangane vi fekk utdelte – gamle gode tonar frå vår ungdomstid -. I bussen var det Anne-Karene som leia sangen med sin mandolin.

Etter middagen kvar kveld var det sosialt samvær med mykje musikk, allsang, solosang,, vitsar, diktlesing, quiz m.m., mange av turdeltakarane delte frå sine rike kjelder. Vi runda av underhaldninga med «Ord for natta» og ein liten salme. Etterpå spela Asbjørn og Michael opp til dans. Det var veldig kjekt, dei som kunne kunsten fekk med seg dei andre på golvet, og alle kosa seg ilag.

Fredag var det heimreise.

På Lom hadde vi tinga kanelsnurrar frå Loms Bakeri, dei er vel landskjende – og velsmakande. Vi stansa på den store rasteplassen i Ottadalen. Sjåfør Ola serverte kaffi til kanelsnurrane, og sola skein! Veret var så vakkert på heile reisa vår – det var haust i fjellet – vakkert – men ikkje med dei glødande fargane vi hadde sett fram til.

Det vart ikkje slike fargar i fjellet dette året grunna alt regnet, fortalde dei. Likevel var fjellet vakkert, det skapte gode kjensler og ro i sinnet med dei gråkvite flyene kledde med reinlav.

Alle reiste heim med glede og takk.

Og vi må takke den flotte sjåføren vår, Ola Rangseter, vertskapet på Høvringen, Monica og Sindre og kvar enkelt deltakar som i fellesskap gjorde turen vår til ei ugløymande oppleving.

Turen dette året var ein del sponsa av tilskotsmidlar frå Oklafondet og Gjensidigestiftinga. Takk til dei. Takk også til turnemnda v. Ann Iren og Anne-Karene som hadde planlagt turen og hadde ansvaret for gjennomnføringa. Eit stort arbeid var nedlagt, alle detaljer syntest være grundig gjennomtenkt og førebudd, og dei fortener den største takk for strevet!