Av: styret i Prestevikja Friområde:

Ope brev til Stad kommune v/kommunalsjef Astrid Fossheim Paulsen og fagleiar kommunalteknikk, Koen Vanacker.

Viser til artikkel i Fjordabladet 25.08.23 og nettsak 23.08.23.

Skuldingar og forsøk på å kneble engasjement og antydningar om lese og skrivevanskar hos dei engasjerte innbyggjarane i Stad kommune, får stå for kommunalsjefen si rekning. Vi opplever at innbyggjarane i Stad har god vurderingsevner og forståing for at eit stort skjemmande kloakkreinseanlegg ikkje bør ligge i Eid sentrum. Foreininga Prestevikja Friområde vart etablert etter at berre dei næraste naboane til Prestevikja vart invitert og fekk informasjon med Stad kommune om planane dei hadde for «friområdet og fjæra vår». Vi skjønte at dette ville påverke svært mange fleire og vi er svært kritiske til at fleire ikkje vart direkte informert.

Vi må også vere ærlege å sei at ein av grunnane til at Foreininga Prestevikja Friområde vart etablert var fordi vi meinte og framleis meiner at saksgrunnlaget for eit så omfattande inngrep er for dårleg.

Vi i Prestevikja er fredens folk, vi søker ikkje splid og usemje. Vi ønsker opne, ærlege og demokratiske prosessar, der vedtak blir tufta på fakta. Sidan i sommar har det stadig blitt klarare for oss at stemma til vår foreining er svært viktig for vår kommune og for vår felles framtid. Det er heilt tydeleg at vårt arbeid knytt til å informere og å engasjere blir høgt verdsett. Vi oppmodar framleis innbyggjarar i Stad til å engasjere seg. Det er vi som til slutt skal betale og leve med konsekvensane av tiltak som blir sett i verk.

Vi forventar klokskap og gode prosessar og ei drivande utvikling for Eid sentrum. Reinseanlegg er heller ikkje vi imot, men vi og svært mange med oss ønsker ikkje at dette skal ligge i sentrum av Eid. Det må finnast ei betre plassering ein stad langs fjorden, der det og finst plass for kommande utvidingar som ein veit kjem i stadig nye EU -direktiv.

Vi ynskjer å stille nokre oppfølgingsspørsmål til Stad Kommune, spesielt retta mot utsegn i lokalavisa Fjordabladet.

Illustrasjon Prestevikja Friomåde Foto: Prestevikja Friomåde

Illustrasjonar

Først ynskjer vi å informere om at Prestevikja Friområde på si facebookside har opplyst når illustrasjonen har vore brukt i eigne postar, at illustrasjonane ikkje er offisielle eller frå Stad kommune, nettopp for å unngå mistydingar. Dette blei og informert om i Fjordabladet si dekning av aksjonen i Prestevikja tidleg i sommar. Vi har forsøkt å illustrere kva vi fryktar ei full utbygging med både primær- og sekundærreinseanlegg og helikopterlandingsplass vil krevje av volum og areal. Vi har ikkje prøvd å illustrere første fase med primærreinsing åleine.

Illustrasjon som viser det oppgitte arealbehovet for reinseanlegg med trafikk. 5 dekar plassert tilfeldig i Prestevikja. Foto: Prestevikja Friomåde

Byggstorleik og utfyllingsstorleik

Paulsen blir sitert på at heile planområdet er 25 dekar. Heile planområdet inkluderer dagens naustrekkje og småbåthamna. Området som Prestevikja Friområde har skissert fylt ut, er ca. 14,5 dekar. Kommunen sitt behov for reinseanlegg og trafikale løysingar er opplyst til ca. 5 dekar. Dette utgjer 50x100m og cirka 1/3 del av området som er illustrert utfylt. I tillegg kjem avstandskrav og tryggleikssoner, samt behov for framtidige utvidingar, snuplass for lastebilar og helikopterlandingsplass som vil auke det opphavlege indikerte arealbehovet. Dette meiner vi er informasjon som er svært viktig å få fram i den vidare prosessen.

Kan Stad kommune på enkelt vis skissere korleis dette er tenkt løyst? Kvar skal tilgang til sjøen og friluftsområdet som du informerer om i avisa plasserast? Vi trur det er viktig at Stad Kommune lagar enkle prinsippskisser som viser innbyggjarar og politikarar korleis dette vil sjå ut før planprosess går for langt og planane med reinseanlegg i Prestevikja ikkje lar seg reversere.

Alternative lokasjonar

I Statens vegvesen sitt høyringssvar er det sterkt anbefalt å vurdere alternative lokasjonar grunna dei trafikale forholda med avkøyrsle frå riksveg 15. Byggjegrensa frå riksveg er 50m. d.v.s. at så langt det er mogleg, skal unngå bygg og etablering av parkeringsplassar nærmare enn 50m frå vegens senterlinje.

Statens vegvesen skriv og at dersom ingen andre lokasjonar er mogleg, MÅ tilkomstveg etablerast frå Sjøgata. Vil Stad kommune risikere å måtte etablere veg frå Sjøgata til Prestevikja og vil Stad Kommune rette seg etter byggjegrense på 50m? Kan alle eigarane av naust og båtplassar i Prestevikja vere trygge på dei kan behalde dette også i framtida? Vi ynskjer at Stad kommune tydeleg grunngjev årsaka til at naustrekkje og båtplass er tatt med i reguleringsplanen!

Politisk ryggdekning?

I underlaget til varsel om oppstart av reguleringsplan og grunnlag for politisk vedtak ligg Norconsult sin fagrapport for Mehl avløpsreinseanlegg som inneheld skisser for eit bygg med primærreinseanlegg på 12x25m. (300m2). I løpet av sommaren og etter informasjonsmøte i juni, har bygget endra innhald og størrelse og skal no vere 10x40x10m (400m2). Bygget blir altså 15m lenger enn opphavleg estimert.

Reinseanlegget er også endra frå primærreinsing til sekundærreising. Primærreinsing i fagrapporten var kostnadsrekna til ca. 50 mill. I fagrapporten var ikkje sekundærreising nemnt eller kostnadsrekna. Av informasjon vi har innhenta frå tilsvarande anlegg i Eidfjord finn vi at kostnad for reinseanlegg inklusive sekundærreising er kostnadsrekna til over 113 mill. Dette er ei lita kommune med 1000 innbyggjarar.

Dei har laga eit 80 siders dokument med gode skisser for å vurdere mange ulike lokasjonane før dei har gjort vedtak om plassering. Tilsvarande vurdering har Stad kommune brukt to linjer på. Anlegget i Eidfjord er prosjektert for 13000Pe med eit bygg inkl. sekundærreinsing på 25x50x12, altså større enn kommunalsjefen viser til i artikkelen.

Kva vil prisen vere for eit sekundærreinseanlegg for Stad kommune? Kva vil prisen vere for ei fylling av sjøområdet i Prestevikja vere? Kor mange år må fyllinga i sjøen ligge før bygginga kan starte? Har Stad kommune nødvendig politisk vedtak i forhold til endringar og økonomiske konsekvensar?

Konsekvensutgreiing?

I utlysinga «Varsel om oppstart av detaljregulering for Mel reinseanlegg» har kommunen konkludert med at tiltaket ikkje er omfatta av reglar for konsekvensutgreiing. I artikkelen til Fjordabladet blir kommunalsjefen sitert på at det skal utførast “omfattande konsekvensutgreiingar”. Kva har endra seg I løpet av sommaren? (Henta frå saksdokument)

Stad kommune vurderer at tiltaka i detaljregulering for Mel reinseanlegg vil ha avgrensa omfang og påverknad på omgjevnadane. I høve dagens situasjon vil eit nytt reinseanlegg betre reinsegraden og gi mindre utslepp til fjorden, medan helikopterlandingsplass vert flytta om lag 400 m. Det vert ikkje stilt krav om konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutgreiing, men det er krav om undersøking og vurdering av aktuelle tema som grunntilhøve, naturmangfald, støy, strandsone/friluftsliv og landskapsverknader som ein del av planarbeidet. Det skal vurderast avbøtande tiltak for desse tema.

Luktfri kloakkreinsing

Stad kommune hevdar at reinseanlegg ikkje luktar. Vi frykta i utgangspunktet ikkje lukt frå eit primærreinseanlegg som blei informert om i varsel om oppstart av reguleringsplan. Men våre undersøkingar i sommar viser til dømes:

Søbyholmen reinseanlegg i Vale er eit eksempel på eit reinseanlegg som er bygd i 2021 for ca. 3000 PE. Eit noko mindre anlegg enn det som Stad kommune no planlegg på Mel, men med tilsvarande reinseteknologi som først beskrive og informert om. Anlegget ligg i et landbruksområde der nærmaste tett busetnad ligg ca. 700m i radius frå reinseanlegget. I fylgje årsrapporten til det interkommunale selskapet, hadde reinseanlegget trass i lang avstand frå busetnad og kommunalsjefen sin påstand om at moderne reinseanlegg ikkje luktar, 11 klager på lukt i første driftsår (ca. 8. md.). Vi har samla eit titals eksempel på at slike reinseanlegg slit med luktproblem, drift og teknologi. Kan Stad kommune garantere at innbyggjarane på Eid generelt og innbyggjarane på Skårhaug og Eid sentrum spesielt, ikkje vil få luktplager med reinseanlegg av typen (primær eller sekundær) på Mel, no og I framtida?

Illustrasjon, avstandar Søbyholmen RA. Foto: Prestevikja Friomåde

Luktplager og pipe

I dei fleste sakene vi har undersøkt der det er gjennomført luktspreiingsmodellar, har modellane blitt brukt for å avgjere høgde som pipene på sekundærreinseanlegg må ha, for å få avgassar og lukt høgt nok opp for å redusere luktplager. I mange tilfelle er pipene 20-30m over bakken, samtidig som pipene er plassert høgt i terrenget i ein elles open topografi. I nokre tilfelle er anlegga og plassert i fjellhallar, men må likevel ha pipe.

Kan Stad Kommune garantere at det ikkje kjem pipe i Prestevikja med sekundærreinsing? Og på kva grunnlag er påstanden om at det ikkje vil vere pipe i Prestevikja tatt?

Gjeld utsegna om at det ikkje vil bli pipe, berre for første byggjetrinn, eller og for seinare byggjetrinn?

Vi har ikkje grunnlag for å hevde at røyk frå cruiseskip og kloakkgass er samanliknbare, men vi kan tenke oss til at begge har ein termisk oppdrift og er avhengig av sirkulasjon i lufta for å bli ventilert vekk frå Eidsdalen. Vedlagt bilde viser eksos/damp frå cruiseskip som forlate Nordfjordeid ein dag seint i august.

Foto: Prestevikja Friomåde

Over ein time etter at skipet har forlate indre del av fjorden, ligg det framleis eit dis-aktig røykteppe over bygda, frå Alsaker til Haugen. Vi fryktar at på vindstille dagar vil den usynlege kloakkgassen oppføre seg på ein liknande måte.

Foto: Prestevikja Friomåde

Helikopterlandingsplass

Når det gjeld helikopterlandingsplass så har Stad Kommune gjennomført møte med Helse Førde sin beredskapssjef, som ifølgje møtereferatet antydar 2–4 landingar med SAR Queen pr. år, og at framtidige landingar kan løysast med at brannvesenet stengjer ein veg for landing. Vår gjennomgang av loggen til CHC i Florø viser at dei har vore på Nordfjordeid 12 gongar i 2022. Tenkjer Stad kommune at dette er ei god beredskapsløysing for Nordfjord Sjukehus? Hadde det ikkje vore betre å finne ein felles løysing for helikopterlandingar I Eid Sentrum når det først skal etablerast noko? SAR Queen kan sikkert lande kor som helst når det står om liv, men ønsker vi at dette skal vere standarden for kommunesenteret Eid med eige sjukehus? Den dagen ein finn ei felles løysing vil ei ev. etablering i Prestevikja vere fullstendig bortkasta. Og man sitte igjen med et rasert friluftsområde og sløsing med fellesskapets midlar.

Innspel til oppstart av planarbeid

Korleis tenkjer Stad kommune å halde seg til dei klare innspela frå Vestland Fylkeskommune, Statsforvaltaren, Statens vegvesen, Politiske parti og alle dei andre private innspela som er komne inn om å vurdere alternative lokasjonar?

Stad kommune repeterer at ein kan nytte eksisterande infrastruktur og legg til grunn utan dokumentasjon at alle andre alternativ vil bli dyrare. Kva er desse alternativa og på kva grunnlag er desse forkasta? Vi etterlyser faktabasert dokumentasjon på desse avgjerdene.

Andre argument for bevaring av friområdet og sjøområdet

Andre forhold som folkehelse, oppvekstvilkår for barn og unge, kulturminne og øydelegging av det unike marine liv med plantar og fisk i grunna i Prestevikja, og likeins kvikkleire og grunnforhold tett på marbakken, har vi valt å halde utanfor dette brevet då det ikkje var omtala i nemnde artikkel. Det er likevel ekstremt viktige forhold ved dette prosjektet som vi vil komme tilbake til når Stad kommune har svart på desse innspela.