Av: Amalie (11 år), Jonathan (11 år) og Peder (12 år).

På vegne av barna: Mødrene Kathrine Kvalheim Osnes, Agathe Kathrin Zerwekh og Reidun Ytre- Hauge Ivesdal.

Vi er tre elevar som går på Stårheim skule. Snart skal vi byrje på Eid ungdomskule.

Vi bur på Hafsås i Stad kommune. Storesyskena våre må krysse riksvegen og gå på kvitestripa i 80 sona på veg til skulebussen. På busstoppet er det ikkje lys eller busskur. Nokre gonger har rutebussane problem med å sjå at dette er busshaldeplassar. Det har hendt at syskena våre har blitt sett av på neste busshaldeplass og må gå den farlege strekninga langs autovernet tilbake.

Om vinteren er det ikkje råd å gå andre stadar enn i vegbana. Vaksne vi kjenner kvir seg på å gå langs denne vegen.

I november 2022 blei det sett opp lys langs riksveg 15 på Stårheim ved båthamna i Torvik. Dette er flott, men like innafor idrettsbana på veg mot Eid skal vi gå på og av bussen. No er dette blitt ein ekstra mørk plass ettersom bilane køyrer frå ein svært opplyst strekning til der vi skal ta bussen. Om to år er det 8 skuleelevar som kjem til å stå på busshaldeplassen ved Hafsås.

Vi oppmodar om å forlenge strekninga med lys lenger enn slik det er i dag. I tillegg må busstoppet merkast betre og vi treng eit busskur. Mest av alt ynskjer vi oss nedsett fartsgrense og sykkel og gangveg.

To kilometer lenger inne er det skilt med blinklys om at det kan vere hjort i vegbana. Kva med blinklys om at dette er ein skuleveg? Passar vi betre på hjorten enn på oss?

Vi gruar oss til å vere på denne utrygge skulevegen og krev handling no!

Dette går ikkje lenger! Vi vil legge til at det er heilt uansvarleg at borna må ferdast på denne utrygge skulevegen. Trafikken er stor, med rundt 3000 ådt, 10 % tungtransport. Like bak ungane på biletet er det forbikøyringsstrekning. Bilistar som er på gjennomreise er forskrekka over å møte skuleborn langs vegen her. Det er ingen signal som blir gitt om at dette er ein stad mange born må ferdast kvar dag.

Vi krev rask handling!