Av Hege Lothe, 5. kandidat for Vestland SV:

Den store utfordringa er at elevar som har hatt nynorsk i barne- og ungdomsskulen skiftar til bokmål i vidaregåande skule.

Dette skiftet er størst på dei skulane der bokmålet og bokmålselevane er i eit stort fleirtal, og finst knapt på skulane der nynorskelevane dominerer. Mange elevar fortel at skiftet til bokmål går kjapt. Ikkje fordi dei så gjerne vil det, men fordi ingen seier til dei at det er heile greitt å skrive nynorsk og til og med ynskjeleg.

SV på fylkestinget vil at Vestland fylke skal vere verdast beste fylkeskommune på nynorsk, og vi vil sjølvsagt samarbeide med alle gode krefter om det. Molde vgs i Møre og Romsdal har sett i gong ein eigen nynorskklubb for elevane.

Der er nynorskelevane i klart mindretal og dei har sett at ved å gje dei ei ekstra støtte er det langt fleire som held på språket sitt gjennom vidaregåande. Dette kan vere eit viktig tiltak for nokre skular i Vestland.

I tillegg til å sikre læremiddel, skriveprogram og læringsressursar og gje tilsette i fylkeskommunen tilbod om kurs i godt språk i begge dei norske skriftspråka, vil det gje verdifull støtte for at elevane held på språket sitt.