Av Selje Bygdeutviklingslag:

I Vestland fylke har prosjektet Stad skipstunnel blitt ein stolt visjon for framtida. Likevel har det nyleg oppstått utfordringar som hindrar framgangen. Fylkeskommunen i Vestland, vi ber om dykkar hjelp.

Det er med stor uro at vi, Seljebygdeutviklingslag, ser på den noverande situasjonen. Stad skipstunnel-prosjektet, som har potensial til å transformere både transport og økonomi i regionen vår, står i fare på grunn av hindringar i form av forseinkingar og manglande framdrift med krysset som fylkeskommunen ynskjer at Kystverket skal byggje.

Vi oppmodar difor fylkeskommunen til å prioritere denne saka og handle raskt for å løysa dei noverande utfordringane. Ein snarleg løysing vil ikkje berre sikra framgangen for Stat skipstunnel, men òg bidra til vekst og utvikling i heile regionen.

Saman kan vi realisera denne visjonen og leggja grunnlaget for ei lysare framtid for Vestland. La oss handle no, slik at vi kan sjå resultatet av vårt arbeid blomstre i dagane som kjem.

Det ville vere ei skam for oss alle saman viss det skulle vere vår eiga fylkeskommune som både forsinka og fordyra dette prosjektet som heile kyst Noreg går og venter på.

Meklingsdato er 23/5, men vi meinar at her bør fylkeskommunen kunne klare å komme på bana med ein framskunda meklingsdato, slik at Kystverket klarer å få ut anbodspapira før sommarferien

Tolmodet til sjøfarande og andre er no slutt, no forventar vi handling.