Av Henrik Tryggestad Koi, Stad MDG:

Nokre tankar om rettferdige klimatiltak.

Dei er store. Der dei kjem snikande inn fjorden i morgondisen før dei fleste av oss har kommet til bunns i dagens fyste kopp kaffe. Og dei kjem ofte. Kanskje langt oftare enn ein såg føre seg for berre få år sidan. Men dei etterlatar seg pengar. I alle fall i nokre lommer. Og så forlet dei oss i solnedgangen og alt som er igjen er eit slør av forbrente hydrokarbonar og anna luftbåren helsekost.

Dette er klimagassutslepp vi alle må stå til rette for i statistikkane. Og som må reduserast om våre nasjonale forpliktelser skal kunne takast seriøst. Samstundes oppmodast det om mindre bilbruk og mindre fyring for kråka. Ein naudsynt dugnad for å begrense sjansen for dei dystraste spådommane. Men er alle i same båt?

Snille estimatar frå Vestlandsforskning [1] gjer ein cruisepassasjer ombord på dei "grønaste" skipa eit klimagassavtrykk på rundt 200 gram CO2 per kjørte kilometer. Andre ligg opp mot kiloen, men vi kan halde oss til dei lågaste tala for ikkje å mala eit for mørkt bilete. Berre tur/retur strekninga kommunegrensa-Nordfjordeid med dei største skipa gjer da klimagassutlepp på opp mot 80 tonn [2]. Per anløp. Og med over 70 anløp i året snakkar vi da potensielt over 5 tusen tonn CO2-ekvivalentar årleg. Det tilsvarar omtrent all utslepp frå personbilar i heile Stad kommune gjennom året [3].

Det er mykje. Svært mykje.

I lokalsamfunnet jobbast det med gode klimatiltak som tilrettelegging for meir sykkel- og gangtrafikk, betring av kollektivtilbodet og oppgradering og kommunen sin bilpark. Alt dette heier vi på. Reduksjon av klimagassutslepp frå bilparken er ein naudsynt del av den nemte dugnaden, og vi kjem alle til å ta del i den på ein eller anna måte. Men da må vi også kunne forvente at det gjerast tilsvarande reduksjonar frå cruisenæringa. Tiltak som sannsynlegvis vil gje større gevinst med mindre innsats. Vi kan ikkje la reduksjon ein plass bli nulla ut av fri auke andre plassar. Det er ein dårleg dugnad som dei færraste vil stille opp på.

Ein stemme til MDG dette valet er ein stemme som vil høyrast på rådhuset. Cruisenæringa må haldast i øra og ta sitt ansvar. Færre anløp på lik linje med færre turar med bil til butikken. Strenge krav til utslepp på lik linje med kommunen sine krav til elektriske tjenestebilar. Og landstraum burde for lengst ha vore på plass som eit minimum. På lik linje med at ein ikkje lar bilen stå på tomgang mens ein er på arbeid. Det treng ikkje vere meir komplisert enn det.

[1] https://www.vestforsk.no/sites/default/files/2017-11/Cruise-Stavanger%20291117.pdf

[2] 0,2 kg co2-ekv/p.km. x 70 km x 6000 passasjerar = 84 000 kg co2-ekv/anløp

[3] Miljødirektoratet sin kommuneoversikt