Av Synøve Sande, distriktsleiar, Sogn og Fjordane Røde Kors:

Ved inngangen til julehelga, romjulsveka og så eit nytt år, er det naturleg å gjere seg nokre tankar. Eg kjenner på takksemda over å representere så vidt mange frivillige som gjer ein fantastisk innsats gjennom heile året. Nokre av dykk står i aktivitet fleire gonger kvar veke. Andre har ikkje høve til det, men gjer viktig innsats for dei Røde Kors er til for. Kvart bidrag er viktig.

I den tida vi er i no, kjenner eg at takksemda også går til dei mange frivillige utanfor Røde Kors. Det er mange som vil bidra til at andre skal få det litt betre. Det er ulike initiativ i bygder og tettstader rundt om i heile Sogn og Fjordane. Gåver vert samla inn og mat til høgtida vert pakka, og så delt ut til dei som treng det mest. Det er mange eksempel på at folk bryr seg om andre. Det er er bra.

Ei helsing, ei merksemd, gåve eller berre litt tid til ein prat, kan gjere ein skilnad for mange. Spesielt i desse tider. Blikkontakten, smilet, den avsluttande helsinga – om godt ver, ein god dag, ei god jul eller alt godt i det nye året, kan vere det som skal til.

Anten du har deltatt i organiserte opplegg eller ikkje, er det såleis aldri for seint eller for smått å gje den enkle gåva det er å sjå eit anna menneske. Å bli sett er kanskje viktigare enn nokon gong. Med liv som blir levd meir på skjerm enn blant folk. Opplevinga av å ikkje ha det ein opplever andre har materielt og sosialt. Å kjenne seg utanfor. Bygdene våre vert rikare når vi, både små og store, yngre og eldre, opplever å bli sett. Å vere del av noko.

Eg er stolt av å vere del av eit Røde Kors som er aktivt med på å gjere ein skilnad for folk rundt om i heile Sogn og Fjordane. Anten det skjer i Røde Kors-regi, der lokalt Røde Kors samarbeider med andre lokale krefter, eller der våre frivillige engasjerer seg i andre lokale initiativ. Tusen, tusen takk!

Eg vil òg nytte høvet til å takke Røde Kors sine samarbeidspartnarar blant lokale offentlege tenester. Dialogen vi har med desse gjer at vi kan nå mange av dei som treng det mest, og på ein god måte.

Eg vil òg nytte høvet til å takke dei økonomiske bidragsytarane våre. Fleire private aktørar tek uoppfordra kontakt for å gje små og store bidrag, spesielt no før jul. Desse bidraga går uavkorta til føremålet. Eg vil spesielt takka Sparebanken og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for bidraga derifrå, gjennom året og spesielt no til jul. Det har ført til viktige investeringar i aktivitet og utstyr, men òg til at 2.137 ungar frå alle delar av Sogn og Fjordane fekk ei merksemd til jul.

Og så vil eg nytte høvet til å ynskje alle ei god og fredfull julehøgtid, og alt godt i det nye året!