Av Siri og Susanne Kroken:

Barndomsheimen vår som plutselig skal bli nærmaste nabo til eit kloakkanlegg.

Så er vi kanskje inhabil i den saka her. Det er jo ingen drømmetanke.

Vi har stor respekt for politikarar som engasjerer seg, brukar fritid, og er folkevalgt til å ta gode beslutningar på vegne av befolkninga.

I dette tilfelle så trur vi det blir gjort ein stor feil. Reinseanlegg må vi ha, men må vi ha det i Eid sentrum?

Kanskje prisen å betale her og no er den billigaste og raskaste løysinga på problemet, men kva med prisen på lang sikt? Prisen å betale for frisk luft, meinar vi er høg.

Prisen å betale for å ivareta kulturminnet, meiner vi er høg.

Prisen å betale for å bevare friområde, meiner vi er høg.

Når drømmen om å flytte heim plutselig ikkje er ein drøm lenger, tenker vi på bøndene i Frankrike, som spylte offentlege bygg med kumøkk når dei «kødda» med landbruksstønadane.

Ja, vi er nok inhabil i den saka her. Det var i Prestevikja vi lærte å stupe, svømme og ro. Det var der vi fekk vår første fisk, og der bestefar lærte oss å sløye.

Hadde vi hatt millionane hadde vi sponsa kommunen med mellomlegget og fått renseanlegget inn i fjellet. Så rik er vi dessverre ikkje, men rik på gode minner i Prestevikja, det er vi. Derfor dette leserinnlegget.

Foto: privat