Av Aleksander Øren Heen, Senterpartiet:

Høgre ved Tina Bru seier regjeringa ikkje gjer kvardagen enklare for folk.

Det får meg til å lure på kven som er folk for Høgre. For det kan ikkje vere;

– dei andre foreldra eg møter i barnehagen som frå 1. august skal betale 1500 kroner mindre i månaden.

– det kan ikkje vere dei eg møter på ferja som har fått halvert billettprisen.

– det kan heller ikkje vere dei eg sit attmed på Widerøe-flyet eg pendlar med mellom Sogn og Fjordane og Oslo med som får halvert makspris frå 1. april av.

– det kan heller ikkje vera bonden eg møter på butikken som Høgre vil kutte inntektsauken med 1,25 milliardar kroner med.

Vi som brukar barnehagane, kortbanenettet, ferjene på fjordane våre eller ynskjer å satse på norsk matproduksjon vil få minus i rekneskapen med Høgre sin politikk.

For regjeringa er nordfjordingar folk. Folk som står opp om morgonen og bidreg til verdiskaping.

Det er vanlege folk som regjeringa legg litt ekstra til rette for slik at me sikrar busetjing og verdiskaping i åra som kjem, også i distrikta.

Det er å satse på heile Noreg.