Av Daniel Dyrstad Hildenes, leiar Stad Unge Høgre:

Det er få ting som samlar ungdommen i Nordfjord på same måte som Valhall og spesielt halloween i Valhall.

 Å reise er ikkje lett for alle og det ender med at folk blir heime og åleine og alle kan ikkje reise på for eksempel Gimle. Når det ikkje er Valhall, men heimefestar som erstatning, blir ikkje alle invitert og det er lite ein kan gjere med.

Politiet og kommunen har tatt vekk månadens møtehøgdepunkt for ungdommen.

Det som er viktig for meg er at alle ungdommar i kommunen skal ikkje berre bli høyrt, men skal inkluderast. Vi har kanskje ikkje fått veldig gode møtearenaer enda, men vi har dei få midlertidig møteplassane.  Valhall er eit godt eksempel på det.

Kommunen har eit ansvar for å hjelpe dei unge å sosialisere seg.  Som tidligare politi/lensmann sa til Fjordabladet heilt tilbake i 2019: "Våre lokale politikarar kan ikkje berre sitte på ein stol å vente til det utagerande ungdomsmiljøet forsvinn».