Av Leif Grutle, leiar i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag, og Hanne Bjerkvik, leiar i Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag:

Dette skjønte dei som laga rammeverket for jordbruksforhandlingane. Hovudavtalen for jordbruket er styrande for forhandlingane mellom jordbruket, Staten og Stortinget.

§ 1-1   Føremålet med avtaleverket for jordbruket: «Avtaleverket for jordbruket har til formål å regulere tiltak som er egnet til å fremme fastlagte mål for jordbruket, og som ikke er utømmelig regulert ved lov, stortingsvedtak eller forskrift.Tiltak som er nevnt i &1-1 skal fastlegges i jordbruksavtaler»

I §3-2 som omhandlar forholdet mellom jordbruksavtalar på den eine sida og lover, stortingsvedtak og traktatar på den andre sida, står det: «Jordbruksavtaler står tilbake for lover og stortingsvedtak, og kan heller ikke kreves gjenomført i strid med traktater som er bindande for staten».

Dette vil sei at jordbruksavtalar skal komma Stortinget sine overordna mål i møte.

Ingen politiske parti har teke avstand frå desse måla som har vore dei same i mange tiår.

Det er ikkje målsetjingane som er feil, dei er til forveksling svært lik dei både Sveits og Østerrike har, men desse landa har klart å utvikle jordbruket sitt i ei heilt anna retning.

Det som er feil er at Stortinget fjernar seg meir og meir frå desse målsetjingane, og det er ingen partigrupper som evner å ta ein ærleg debatt om kva dette fører til.

Stortinget sine målsetjingar for Norsk matproduksjon:

1. Beredskap og sjølvforsyning

Noreg er nesten på jumboplass i verda, berre Belgia og Haiti har dårlegare sjølvforsyning basert på eigne ressursar.

2. Landbruk over heile landet

Dette blir meir og meir ein illusjon. Vi har berre rester av eit landbruk i mange område i landet

3. Verdiskaping

Mat skapar verdiar, store verdiar. Problemet er at desse verdiane i svært liten grad kjem bønder og distrikta til gode. Det meste går til å betale alle kostnadar på varer, tenester, matindustri og daglegvarehandel. Desse er igjen sentralisert og flytta ut av bygda og for den del, landet.

4. Berekraft

Ein kan sei mykje om berekraft, men spesielt berekraftig har ikkje denne utviklinga vore.

Bør ikkje Stortinget halde sine målsetjingar? Er det greitt at me skuslar bort vår eiga evne til å brødfø oss sjølve for framtida?

Tre  forhold blir særleg viktige om me skal klare dette:

1. Ein ærleg og kunnskapsbasert debatt om korleis me kan nå tidlegare nemnde mål.

2. Forvalte og ivareta  dei knappe jordressursane vi har (under 3% av landarealet vårt).

3. Ivareta bonden som skal stelle og forvalte desse ressursane, både ved hjelp av teoretisk, og ikkje minst praktisk kunnskap om korleis maten blir til.

Dette kan ikkje baserast på dugnad, men på likeverd både økonomisk og sosialt.