Av Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre:

Dei massive bombeangrepa som dei siste vekene har tatt fleire tusen liv, mange av dei born, må ta slutt umiddelbart. Blokaden av livsnødvendige tenester som vatn og straum må opphevast. Sivilbefolkinga på Gaza må få humanitær hjelp, og det må skje no.

Israel har rett til å svare på Hamas sine angrep etter det blodige og massive angrepet på Israel 7. oktober, der 1400 menneske vart drepne og 200 vart tekne som gislar. Hamas må setje fri gislane. Det blir likevel tydelegare for kvar dag at Israel beveger seg langt utanfor det som på nokon måte er mulig å kalle eit betimeleg tilsvar. Israel bryt folkeretten. Folkerettsbrot må vi seie klart frå om og fordømme - uansett kven som står bak. Éin parts folkerettsbrot kan aldri legitimere ein annan parts brot på krigens folkerett.

Den humanitære katastrofen på Gaza har utvikla seg over lang tid. Israel og Egypt har blokkert Gaza militært i 16 år etter at Hamas tok makta. Blokaden har hatt som mål å isolere Hamas og hindre smugling av våpen, men har ført til stadig større humanitære utfordringar blant ei sivilbefolking på over 2 millionar menneske, halvparten av dei born. No blokkerer Israel forsyningar av straum, vatn og mat til desse menneska, og ber dei søke ly ein annan stad. Realiteten er at palestinarane i Gaza ikkje har nokon stad å dra. Grensene er så godt som hermetisk stengt.

Venstre legg til grunn at den norske regjeringa nyttar alle høve i internasjonale fora til å bidra til umiddelbar humanitær våpenkvile. Regjeringa må vidare ta initiativ til at blokaden av essensielle tenester som vatn og straum til Gaza vert heva, at Israel sin ulovlege okkupasjon av palestinsk land opphøyrer, og at det på sikt kan etablerast ei tostats-løysing – med eit fritt og sjølvstendig Palestina. Det trengs ei rettferdig og langsiktig løysing på konflikta mellom israelerar og palestinarar, bygd på internasjonal rett.