Av Trude Brosvik, førstekandidat for Vestland KrF:

Trusfridom og ytringsfridom er avgjerande forutsetningar for eit fungerande demokratisk samfunn og KrF vil alltid legge dei til grunn.

Kristendemokratiet står for eit folkestyre som motverkar å samle for mykje makt på få hender.

Familien er det viktigaste fellesskapet samfunnet bygger på. Ei av dei største utfordringane i Vestland, som mange andre stader, er for få unge i høve til eldre. Det er ein av grunnane til at KrF alltid gå for løysingar som gjer det lettare for barnefamiliar, og som viser at samfunnet ser det å få born, oppdra born og legge til rette for god utdanning, som verdifullt. Samstundes er det behov for trygge og ettertrakta jobbar med kompetansebehov for å tiltrekka seg unge i etableringsfasen som er ferdig med høgare utdanning.

Menneske skal vere likestilte og gjevast like sjansar. Det er eit mål for det politiske arbeidet vårt å lage eit best mogleg samfunn for alle, uavhengig av tru, etnisitet, kjønn, legning eller funksjonsevne. Det offentlege skal fremje universelle og utjamnande ordningar som held oppe eit samfunn med små skilnader, syte for trygge rammer og sikra verdig liv for den enkelte.

Fylkeskommunen er ein viktig samarbeidspart for næringsliv, kommunar og det frivillige for å skape ei god utvikling. Ein skal vere til stades i, og styrke, alle deler av fylket. Arbeidet for å ta vare på klima og miljø vil krevje mykje, og KrF er villig til å ta tøffe prioriteringar for å klare det. At næringslivet vårt går godt, skaper arbeidsplassar og klarer tilpasse seg det grøne skiftet og andre naudsynte rammevilkår, vil vere viktig.

KrF meiner vi har kome langt i Vestland med felles forståing og respekt for ulike utfordringar, både geografisk og demografisk. KrF er eit sentrumsparti som kan samarbeide til begge sider. Vi er opptekne av å finne gode kompromiss og løysingar som kan stå seg over tid. Vi meiner ein sikrar det gode samarbeidet best med å halde fast på at styreforma er formannskapsmodellen.