Av Martin K Waag:

For eitt år sidan innstilte administrasjonen i Stad kommune på å snarleg legge ned og avhende Bryggja Omsorgssenter. Det gjekk ikkje den vegen då..

No tilrår dei det same igjen: Nedlegging i løpet av 2024. Dei «slår i bordet» med bl.a at bygningane ikkje stettar krava til brannredning og –beredskap. Profesjonell hjelp er innleigd til å bevise / underbyggje dette – til ein kostnad som for meg er ukjend, men venteleg høg.

Store vanskar med å rekruttere arbeidshjelp til senteret er neste ankepunkt.. Men: Kven vil søkje seg til ein arbeidsplass som er «nedsnakka» og nedleggingstruga av kommuneleiinga over lang tid? Kven «torer» å bli sjuk, eller ta ut permisjon eller ferie når det ikkje skal setjast inn vikar? Leiinga må i det minste kunne fylgje lovverket.

Som før omtala: Bryggja Omsorgssenter er eitt av dei sist oppgraderte omsorgsbygga i kommunen. Der er, endå, fagutdanna personale som trivast og bebuarar som har heimen sin der og meiner dei får godt stell. Dei har nær kontakt med sine pårørande og opplever tryggleik og varme.

Heimetenesta for Bryggjaområdet har basen sin ved omsorgssenteret og får såleis gjort jobben sin utan å forbruke mykje tid og pengar på transport.

Korleis er dette tenkt i framtida?

For meg synest det som om administrasjonen har bestemt seg: «BRYGGJA OMSORGSSENTER SKAL BORT!»

Kommunedirektøren oppmodar dei nye politikarane om å vere modige når dei skal ta avgjerder for folket i Stad kommune.. Eg bed om det same: Ver modig og sjølstendig. Ver klar over konskvensane for heile bygdelag, pårørande og hjelpelause gamle når de skal handsame bl.a saka om framtida til Bryggja Omsorgssenter.

Kommunedirektøren seier vidare iflg. Lokalpressa: Det er politikarane som skal styre kommunen. Det er heil rett.

Politikar: Ver ditt ansvar bevisst!