Av: Stijn van Oorschot (24), student og lokal tosk

Aller først vil eg gjerne avklare at eg ser verdien oppdrett har for samfunnet, lokalt og nasjonalt. Underteikna har sjølv stått på merdkanten over lengre tid og skifta not, pumpa daud fisk og telt lus. Arbeidsplassar og villigheita for å satse på lokal næringsverksemd er det som må drive bygdene våre. Men her i denne saka, heilagar målet ikkje middelet i mine auge.

For det første, bommar politikarane med reknestykke sitt. Som økonomistudent er eg glad i pengar, men desse ser ikkje Bremanger kommune mykje av. Ode AS er heilregistrert i Ålesund, og alle skatteinntekter flyr til Sunnmøre eller AS Norge for å subsidiere nedrykket til Ålesund FK og rundkøyringane ved Moa. 3 av 7 tilsette på dagens anlegg skattar til Bremanger kommune. Om ein tar gjennomsnittsløna til ein røktar, betyr dette rundt 200 000 i skatt per tilsett. Om ikkje Davikja er verdt meir enn 600 000 kroner i året, lyt ein skrive ny tilstandsrapport.

Ode reknar sjølv med 3–4 fleire tilsette ved utviding. Om alle er folkeregistrert i Bremanger, blir total skatteinntekt bli 1,4 millionar. I budsjettet for 2022 rekna kommunen 280 millionar i inntekt frå skatt av formue og frie inntekter. Her veg altså ei skatteauke på 0,0000000057 prosent tyngre enn trivselen til folket på Davik. Vidare vil nokre promille eigedomsskatt og produksjonsavgift pynte på reknestykket, men reint økonomisk, er dette ikkje noko å skrive oder om.

For det andre, vil ei utviding av oppdrettet medføre negative ringverknadar for både åndsliv, folkeliv og næringsliv på Davik. Den nye plasseringa vil øydelegge utsikt, fiske, rekreasjon og bulyst, grunna lyd- og lysforureining, samt redusert vasskvalitet. Den nye anleggsramma utan kjetting er på 210.000 kvadratmeter, det same som 30 fotballbaner. Folk flyttar til Davik på grunn av utsikta, naturen og den reine fjorden. Om ein har lyst å bu på ein plass med mykje lyd, lys og fotballbaner, hadde ein busett seg i Oslo. Kommunen og Ode skriv sjølv dei skal redusere lyd og lys «så mykje som råd», men det er ikkje nok. Lyddempar til dieselaggregat finst ikkje og lys frå båtar, samt lysrøyr for å unngå at fisken blir kjønnsmoden, gjer anlegget om til reine torskediskoen. Davik Fjordparadis og Norway Adventures livnærer seg på å selje den flotte utsikta utover fjorden, og eg er nokså sikker på at besøkande føretrekker postkortet sitt utan Merd 1–10. Skattepengane frå besøkande går derimot rett i lomma til Bremanger. Dessutan er Davikja ei viktig naudhamn og ankringsplass i ein elles djup fjord. Om ein legg heile vika full i fortøyingskjetting for å halde oppdrettet på plass, kan ein undre kven som skal nøste opp i ankerflokane.

For det tredje, må Nordfjord for alvor begynne å tenke på korleis vi vil forvalte siste delen av namnet. Nordfjord utan Fjord blir berre Nord, og det finn ein nok av andre plassar. Ode AS skriv at dei ønsker rask utviding for å sikre vidare drift. Dette blir som å pisse i buksa for å halde seg varm og fell på sin eigen urimelegheit. Prosessen til no har neglisjert fleire viktige aspekt, så her må vi legge inn årane. Nordfjorden har allereie fleire oppdrett enn Øystein Sunde har vers. I statleg reguleringsplan står det også at Nordfjord må skalere NED talet på oppdrettslokalitetar. Dette er i så fall ein merkeleg måte å gjere det på. Naturen i Nord]ord er eit Noreg i miniatyr, og den er i verdsklasse. Tru det eller ei, men turistane kjem ikkje for å klappe torsken eller dyppe laksen, men for å sjå urørt natur, som er svært sjeldan vare i 2023. At grunngjeving for kvifor ikkje anlegget kan utvidast lenger inn fjorden, er «då vil det ligge for nær eit anna oppdrett», snakkar for seg. Om ein ikkje klarer å plassere eit oppdrett slik at det ikkje ligg ut forbi ytterdøra til folk, samt langt nok frå eit anna oppdrett, så seier det sitt.

Så kjære Statsforvaltaren i Vestland, no er det på tide med forvaltning. Torsk er vel og bra, men det skal bu folk her også, og vi har det fint utan slik torskeskap. «Gud signe vårt dyre fedreland» syng vi på 17. mai. No må du Liv signe den flotte bygda vår.