Av Judith Kvåle, ordførarkandidat AP:

Media i distriktet vårt er dyktige til å sette fingeren på viktige utfordringar i kommunen vår, og det skal vi vere glad for. Eit kritisk media fører til at saker ofte må sjåast frå fleire sider – noko som oftast gagnar både prosessane og folkeopplysninga. Men derifrå til å skulle løyse alle utfordringane på ståande fot og i media bør det vere ein god veg å gå.

Det har vorte sett fokus på helikoptertrafikk, sanitære tilhøve og lokale vegstandardar opp mot cruiseturismen frå media si side. Det er reelle utfordringar som må takast tak i av kommunen, fylkeskommunen og vegvesenet alt etter kva instans som har rett mynde.

Desse problema kjem jo ikkje heilt brått og uventa på oss, og det er også derfor Arbeiderpartiet har ivra for at det vart vedteke oppstart av ein strategisk cruiseplan for Stad kommune, slik at både toalettilhøve, trafikk og negative verknader for lokalbefolkinga skulle belysast – for at vi så skal sette inn rett tiltak til rett problem. Vi må med andre ord handle ut frå kunnskap og ikkje berre følelsar.

Dei tiltaka som i farten kan virke som gode i øyeblikket kan ofte vise seg å skape problem lenger framme fordi vi ikkje har sett heilheten når vi gjorde vala våre. Det må vi unngå!

Eg har forståelse for at enkelte kan oppleve at ting går for sakte, men det er no ein gong slik at dersom vi må gjere arbeidet oppatt gong på gong fordi vi har teke for kjappe avgjerder, fører til endå lengre saksgangar.

Det å ta seg tid er viktig også når det gjeld utbygginga av Prestevikja. Mange melder at dei er bekymra for at denne utbygginga må gå fort pga nye eu-direktiv og fristar frå Brussel. Eg meiner ikkje at vi ikkje skal forholde oss til direktiv og pålegg frå “øvrigheta”, men det betyr ikkje at vi ikkje skal ta oss tid til ei skikkeleg utgreiing som kan stå seg også for ettertida. For det er ikkje slik at EU går til krig mot Stad kommune for at vi oversit ein frist frå EU.

No må vi søke å sjå alternative løysingar som i minst mogleg grad går utover innbyggarane. Svora er foreslått som eit alternativ og må belysast. Kanskje er det også andre plassar som vil vere godt eigna til formålet, men som ikkje har vore påtenkt. Innbyggarane må få kome med sine innvendingar slik høyringa gir rom for, og personleg meiner eg at kommunen også må kunne møte innbyggarane til eit informasjonsmøte, der både kommune og innbyggarar deler informasjon og kunnskap. Alle kan ikkje få vilja si i alle saker, men alle skal oppleve å kjenne seg høyrt!