Av Per Ståle Husevåg, gruppeleiar og Arnfinn Brekke, lokallagsleiar, Gloppen KrF:

KrF i Gloppen vil særleg framheve det NTP seier om Nordfjordbrua Anda Lote. Det er svært viktig at dette prosjektet er nemnt positivt i NTP. Førebels vart det ikkje gjeve signal på vidareføring av ferjeavløysingsmidlar på riksvegar, slik vi har det på fylkesvegar. Det syns vi var skuffande.

Men det er i avsnittet om Anda Lote sagt at saka skal bli gitt som eit oppdrag til Statens Vegvesen, og at regjeringa vil vurdere ordninga på einskildprosjekt.

Når dette er nemnt i samband med Nordfjordbrua, så vel vi å tolke det positivt at det ligg ei opning for å finansiere ferjefri kryssing over Nordfjorden med ferjeavløysingsmidlar. Takk til Erling Sande og ordførarane Sigurd Reksnes og Arnar Kvernevik i Stad og Gloppen for godt arbeid så langt. Vi har forventning til at de framleis vil stå på og her vil KrF vere ein god medspelar.

Sandane - Reed kvar vart det av?

Gloppen KrF saknar prosjektet om utbetring av utbetring av flaskehalsar på E39 Sandane -Reed. Kvar har det blitt av, Erling Sande? Vi veit at det har vore eit arbeid med regulering på Gullkista, men dette har stansa opp og at ein no av ventar styringssignal.

Reguleringsarbeidet på Eide er slik vi forstår sett på vent. Vi kan ikkje sjå at dette er omtalt med eit einaste ord i NTP, heller ikkje under vegprosjekt som har investeringsramme under 1mrd kroner. Vi som trudde at desse sårt nødvendige utbetringane var i boks, er skuffa over manglande avklaringar her. Her utfordrar vi SP og Ap på at dette må på plass under arbeidet i stortinget med NTP seinare i år.

KrF i Gloppen vil skryte av regjeringa for satsinga på flytilbodet i fylket. Halvering av maksprisen på flyreiser fører til betre transporttilbod både for næringslivet og private som mellom anna soknar til Sandane lufthamn. KrF vil også skryte av SP og Ap for sterke signal om realisering av Stad skipstunnel og nye tunnelar over Strynefjellet og ny Hafstadtunnel forbi Førde. Desse samferdsleprosjekta er også viktige for oss i Gloppen.

Men så er det nødvendig å minne kvarandre på at NTP ikkje løyver ei einaste krone. Det er dei årlege budsjetta som må syte for det.

Mykje ros og litt ris frå Gloppen KrF til regjeringspartia så langt.