Av Ronald Dalsbø, ordførarkandidat, Stad KrF:

Det kan høyrest ut som ein uviktig floskel, men der ligg ein svært viktig og gjennomtenkt tanke bak dette uttrykket.  Eit godt samfunn vil ha god velferd og sikkerheitsnett for alle som treng det.

Noko som kanskje ikkje alle tenkjer over, er at staten og det offentlege knapt har starta nokon av velferdstiltaka.  So og seie alt av velferd er starta av privat initiativ.  Det vere seg skule og utdanning, sjukehus og helsehjelp, omsorg for eldre, einsame, eller for folk som slit med rus, sosialhjelp, barnevern og barnehagar.

Ofte har det vore kyrkja og kristne organisasjonar og enkeltmenneskjer som historisk har starta opp slike tiltak.  Starta av folk som har eit hjarte og/eller eit kall til å hjelpe folk som verkeleg treng hjelp.  Som sagt, nesten alltid, privat initiativ.  Slike velferds tiltak har ofte svært stor grad av frivilligheit, noko som er ein enorm ressurs i samfunnet.

I dag har vi ei regjering som, etter vår meining,  er i ferd med å gjere stor skade på det norske velferdssamfunnet, ved å stadig og systematisk undergrave private aktørar i skule, barnehage, helse/ omsorg, rusomsorg osb. Sjølvsagt er det ikkje regjeringa sin intensjon å skade, men vi meiner at så skjer på grunn av ein dårleg ideologisk tilnærming til saka.

 Når ein, som regjeringa gjer, tenkjer at samfunnet vert bygd ovanfrå og ned, at staten og det offentlege skal ta seg av alle funksjonane som er nemnde over, og at alle private aktørar på sikt skal ut, så meiner vi at det vil skade velferda.  Ein vil kunne kvele noverande og framtidig initiativ for å løyse sosiale utfordringar.  Faktisk vil dei som treng aller mest hjelp, også verte mest skadelidande.

Sjå på eit eksempel, rusomsorg og sosialhjelp. Tenk på organisasjonar som til dømes Frelsesarmeen, Blå Kors, Evangeliesenteret og liknande. Desse aktørane, blant mange andre, misser i dag i betydeleg grad av økonomisk støtte frå dagens regjering, rett og slett fordi dei er private.

Hugs at desse aktørane plukkar opp folk som fell tvers igjennom sikkerheitsnettet, og som vert liggjande på gata.  Dei plukkar opp folk som staten og det offentlege ikkje greier, ja, ikkje har moglegheit til å hjelpe.  Staten og det offentlege har ikkje folk nok, økonomi nok, og kanskje heller ikkje hjarte nok til å plukke opp folk som fell igjennom nettet.

Alle politiske parti har liknande målsetting om eit godt samfunn, men har ulikt syn på korleis målet skal nåast.  Det å ville byggje samfunnet nedanfrå, er ikkje ein floskel, men eit konkret uttrykk på ein heilt annan ideologi og måte å løyse samfunnsoppgåvene på.

I lokalpolitikken kjem vi også inn på saker der ulike parti med ulike ideologiar vil velje ulike løysingar.

KrF meiner at det offentlege i større grad må samarbeide med, heie på og støtte opp om privat initiativ, private aktørar og frivilligheit i alle delar av samfunnet.  Vi er nøydde til, også med tanke på økonomi, å satse meir på offentleg og privat samarbeid, om vi skal løyse dei små og store utfordringane framover. Både nasjonalt, regionalt og lokalt.

Bruk stemmeretten, godt val!