Av Gunnar Silden (V), ordførar i Stad kommune:

For fire år sidan gjorde Stad Venstre eit brakval, det er ikkje mange som trur vi skal klare det same igjen ved valet i 2023 gitt meiningsmålingane i forskjellige media.

Mykje av grunnen til den store oppslutninga framfør valet i 2019, var at Venstre i saman med sine samarbeidsparti og administrasjonen hadde klart å utvikle Eid kommune til ei kommune med vekst og framgang.

Denne dynamiske framgangen og veksten hadde mange i Selje kommune lyst til å vere ein del av etter 20 års stagnasjon, der kommuna ikkje kom noko veg med utvikling og tilflytting på grunn av at vi ikkje makta å komme oss ut av Robek og dei føringane som det medfører.

Ved siste valet i Selje kommune hadde Tverrpolitisk parti over 30 % av veljarane, ved samanslåinga av kommunane var heile denne veljarmassen på leit etter eit parti som hadde

visjonar om utvikling og vekst.

Det fann dei i Venstre med ein ordførarkandidat med eit glødande engasjement for nettopp utvikling og vekst, og med seg i ryggsekken hadde han eit engasjert Eid venstre og folk frå administrasjonen som var like mykje framme i skoa.

Utvikling krev kapital, skal administrasjonen og politikarane kunne utvikle og legge til rette for vekst i ei kommune, so må ein nødvendigvis låne kapital. Med lav rente og framtidsretta administrasjon og politisk nivå var det ikkje vanskeleg og låne til gode formål. Dette gav meir tilflytting og større skatteinngang, noko som stort sett alltid henge i hop og som Stad kommune drar fordelar av i dag. No har vi hatt renteoppgang og vil fortsett få fleire rentehevinga ei stund til, so vi bør ikkje fortsette i det tempoet som vi har hatt so langt.

Dei siste åra har Venstre i lag med AP og H og stort sett resten av partia lånt til nødvendige tiltak og tiltak som allereie var satt i gang, etter anbefalingar frå administrasjonen

Lånemengda har auka, men vi har på same tid betalt ned på lånemengda og vi har styrka fonda kvart år sidan samanslåinga, slik at Stad kommune etter dei snart 4 åra står fram med ein god økonomi, men bør vere varsam med låneopptak i åra framover og låne til nødvendige tiltak og ferdigstille tiltak som er satt i gang.

Men vi må ikkje gå i den fella at vi set på alle bremser og får stagnasjon og tilbakegang, for da hamner vi fort på Robek på grunn av sviktande inntekter og den utviklinga vil vi ikkje ha.

No har Stad Venstre fått ei ny leiargruppa med trygge og gode visjonar om grøn utvikling og ambisjonar, om å utvikle kommuna på ein berekraftig måte, og det er ikkje nødvendigvis motsetninga mellom utvikling og berekraft.

På same tid har Stad Venstre med seg seniorgruppa som har vore med på utviklinga av det moderne Nordfjordeid og fleire unge oppkommande visjonære representantar som vil lære og lytte for å gjere seg klar for framtidige val i Stad kommune.

Etter fire år i saman med denne gruppa har eg ærbødig respekt for den kunnskapen og skaparkrafta som partiet innehar. Eg trur veljarskara til Stad Venstre framleis er stor

so no frir eg til venstrevelgarane i Nordfjordeid og Selje, vil du framleis ha vekst og utvikling so gå til valurna og stem Stad Venstre.

Vi har to kumulerte kandidatar som har evne til å sjå heile kommuna som sin heimplass og vil vere med å utvikle Nordfjordeid

til eit sterkare senter for statlege og interkommunale

arbeidsplassar i framtida. So mi anbefaling er at vil du framleis ha utvikling og framgang med kontroll på økonomien, so stem Venstre.